Hopp til hovedinnhold
Pasient

Brukermedverknad

Brukarutvalet er oppnemnt av styret for Helse Møre og Romsdal, og har ei sentral rolle når det gjeld å følgje opp krav i lover og forskrifter om brukarmedverknad i norske sjukehus. Utvalet tek initiativ og tek opp saker som har verdi for pasientar og pårørande.

 

Sakliste og protokoll frå møte i brukarutvalet er tilgjengelege på vårt ekstranett: Klikk her for å kome til brukerutvalet si administrasjonsside

Eldre saker frå dei gamle brukerutvala finn du her: 

- Sunnmøre
- Nordmøre og Romsdal

Kva gjer brukarutvalet?

  • Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal skal:

     

    • Auke brukarkompetansen i planarbeid og drift.
    • Uttale seg om helsetilbod og planarbeid slik at brukarkompetansen vert lagd til grunn for tenestene.
    • Kome med forslag til råd og utval i føretaket.
    • Medverke til å gjennomføre brukarundersøkingar.
    • Gi innspel til kvalitetsarbeidet.
    • Vere forum for tilbakemeldingar frå organisasjonane, pasientar og pårørande.
    • Halde kontakt med regionalt brukarutval.
    • Melde saker som kan ha regional verdi.
    • Delta i regionale samlingar og nettverk.
    • Følgje opp arbeidet med tildeling av tilskot til brukarorganisasjonane.
    • Medverke til helsepolitisk organisasjonsutvikling og samhandling mellom alle brukarorganisasjonane.

     

    Brosjyren til brukarutvalet kan du laste ned her (pdf)

    Dersom du ikkje har Acrobat Reader, kan du laste det ned gratis her 


      

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 06.04.2011 16:07

Solveig Lilleberg


Medverknad


Gi melding til brukarutvalet dersom du har positive eller negative opplevingar med Helse Møre og Romsdal HF.

Vi er opptatt av kvalitet og at pasientar og pårørande føler seg ivaretekne og respektert i møte med helsepersonell i Helse Møre og Romsdal HF.