I Noreg er det rett til fritt sjukehusval. Dette betyr at du som pasient fritt kan velje kva sjukehus du vil ha behandling ved.
Ved tilvising til utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta, sender vi vanlegvis tilvisinga til det sjukehuset som pasienten høyrer til. Dersom pasienten ønskjer det, kan tilvisinga sendast til eit anna offentleg eller privat sjukehus som eit regionalt helseforetak har avtale med.
Om du ønskjer å søkje behandling ved offentlege sjukehus utanom det du høyrer til, kan du gjere dette utan å søkje om garanti. Ordninga gjeld òg for einskilde private sjukehus (dei som har avtale med regionalt helseføretak) og for rusinstitusjonar.
Søknaden kan sendast direkte frå fastlegen, eller du kan bli vist vidare frå det sjukehuset der du står på venteliste.
Når du nyttar deg av retten til fritt sjukehusval, må du dekkje inntil 400 kroner i eigendel for kvar veg av reisa. Dette beløpet får du ikkje ført på eigendelskortet. Resten blir dekt gjennom pasientreisekontoret der du bur. Ta kontakt med pasientreisekontoret før du tingar reisa.
I akutthjelpsituasjonar har pasienten ikkje rett til å velje sjukehus.
Opplysningar om ventetider og annan informasjon om fritt sjukehusval, kan du få ved å ringie gratis til informasjonstenesta Fritt Sykehusvalg Norge 800 41 004, eller ved å ta ein tur innom nettstaden www.frittsykehusvalg.no
