Dei regionale helseføretaka har ansvar for at befolkninga får tilbod om spesialiserte
helsetenester. Helsehjelpa gir vi på sjukehus og andre behandlingsinstitusjonar.
I denne brosjyren får informasjon om kva rettar du har når du blir vist til
spesialisthelsetenesta.
Rett til vurdering og rett til nødvendig helsehjelp
Tilvisinga di skal vurderast innan 30 arbeidsdagar. Ved mistanke om alvorleg sjukdom skal vurderinga skje raskare.
Pasientar under 23 år med psykiske lidingar eller som er rusmiddelavhengige, har rett til vurdering av tilvisinga innan ti arbeidsdagar.
Spesialisthelsetenesta vurderer helsetilstanden din når tilvisinga er motteken. Vurderinga blir gjord på bakgrunn av dei opplysningane som er mottekne eller henta inn. I svarbrevet frå spesialisthelsetenesta vil du bli orientert om vurderinga og kva for rettar du får som pasient.
Vurderinga vil få eitt av desse utfalla:
- Du får rett til nødvendig (prioritert) helsehjelp i spesialisthelsetenesta (jf. pasientrettslova § 2-1 andre ledd, og prioriteringsforskrifta § 2). Pasientar som får denne retten, blir kalla rettspasientar. Rettspasientar får ein fristdato for når spesialisthelsetenesta seinast skal ha starta helsehjelpa, anten i form av behandling eller i form av utgreiing. Du blir informert om dette i brev. Fristen skal sikre at dei aktuelle helsehjelptiltaka kan starte og bli fullførte innan eit forsvarleg tidsrom. Frå 1. september 2008 er fristen for start av helsehjelp for pasientar under 23 år med psykiske lidingar eller som er rusmiddelavhengige, maksimalt 65 arbeidsdagar. For andre fagområde blir det gitt rett til behandling, og fastsett ein frist, etter ei individuell vurdering av kva som vil vere forsvarleg. Til hjelp i dette arbeidet er det laga fagspesifikke prioriteringsrettleiarar, som spesialistane skal bruke når dei vurderer tilvisingane
- Du får ikkje rett til nødvendig (prioritert) helsehjelp, men vil likevel få helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Her får du ikkje ein juridisk bindande frist for når du vil motta helsehjelpa. Du blir informert om når du kan rekne med å få helsehjelpa, og du skal også bli informert om den klageretten du har.
- Vurderinga konkluderer med at du ikkje har behov for helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Det inneber at vi har vurdert behova dine for helsehjelp slik at dei blir best tekne vare på av fastlegen eller andre delar av helsetenesta. Du blir informert om dette i brev, og du skal også bli informert om klageretten din.
Fritt sjukehusval
Du kan som hovudregel sjølv velje kva for eit sjukehus du vil bruke ved planlagd undersøking og/eller behandling. Ordninga med fritt sjukehusval gjeld alle offentlege og somme private sjukehus i heile Noreg. Du kan velje både kva for eit sjukehus som skal vurdere helsetilstanden, og kvar ei eventuell behandling seinare skal skje.
Fritt sjukehusval gjev likevel ikkje rett til å velje behandlingsnivå, til dømes ein meir spesialisert type behandling. Dersom du vel behandlingsstad utanfor eigen helseregion, kan behandlingsstaden unntaksvis avvise deg når dette er nødvendig for å sikre den retten regionen sine eigne pasientar har til vurdering og behandling. Ved behandling utanfor eigen helseregion må ein betale ein høgare eigendel for reise.
Opplysningar om ordninga og ventetider på eit utval av undersøkingar og behandlingar kan du få ved å ringje Fritt sjukehusval på gratis grønt nummer 800 41 004, eller ved å gå inn på nettsidene deira: www.frittsykehusvalg.no. Du kan også be fastlegen om hjelp.
Fristbrot
Dersom spesialisthelsetenesta ikkje greier å starte den planlagde utgreiinga/behandlinga innan den fristen du som rettspasient har fått, kan du kontakte HELFO-pasientformidling på telefon 815 33 533. Dei vil då finne eit tilbod til deg ved eit anna sjukehus i Noreg eller om nødvendig ved ein utanlandsk behandlingsstad.
Pasient som takkar nei til den behandlingsplassen HELFO-pasientformidling tilbyr, blir ståande på venteliste ved den opphavlege behandlingsstaden.
Individuell plan
Dersom du har behov for langvarige og koordinerte sosial- og helsetenester, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Planen skal vere eit verkty og ein metode for samarbeid mellom deg og dei ulike tenesteytarane dine, til dømes fastlege, heimesjukepleia, sjukehus, NAV, arbeidsgjevar eller eventuelt andre. Det skal alltid vere éin tenesteytar som har hovudansvar for kontakten med deg, og som skal syte for koordinering mellom dei som gjev deg tenester. Initiativet til å få laga ein individuell plan kan kome frå deg, men hovudansvaret for å utarbeide individuelle planar ligg i tenesteapparatet.
Pasientreiser for pasientar som blir viste til spesialisthelsetenesta
Du har rett til å få dekt nødvendige utgifter når du skal reise til og frå behandling. Hovudregelen er at du får dekt billigaste reisemåte med rutegåande transport til og frå næraste behandlingsstad. Avstanden til behandlingsstaden må vere minst tre kilometer, og reisa må koste meir enn lokal minstetakst. Du ordnar reisa sjølv, og du kan fremje krav om refusjon i etterkant.
For å få refundert utlegget du har i samband med reisa, må du fylle ut eit reiserekningsskjema og sende det til Helseforetakenes senter for Pasientreiser ANS. Hugs å leggje ved stadfesting på at du har vore til behandling, t.d. stempla timekort, og dessutan alle kvitteringar. Reiserekningsskjema med adressert svarkonvolutt (ikkje frankert) finn du hos behandlaren din eller på www.pasientreiser.no. Har du spørsmål til utfyllinga av skjemaet, kan du ringje Pasientreiser 05515 eller sjå eksempel på utfylt skjema på www.pasientreiser.no.
Dersom du av helseårsaker ikkje er i stand til å ta rutegåande transport, kan du få rekvisisjon for ei tilrettelagd pasientreise. Det er behandlaren din som skal vurdere behovet ditt og skrive rekvisisjonen. Manglande rutegåande tilbod der du bur, gir i nokre tilfelle rett til rekvisisjon til annan transport. Ditt lokale Pasientreisekontor på 05515 avgjer om du har krav på dette. Reisa skal tingast på Pasientreiser 05515 seinast innan kl. 13.00 arbeidsdagen før avreise. 05515 gjeld også for fly, som skal tingast så snart du har motteke innkalling.
Ved alle pasientreiser må du betale ein eigendel fastsett av Stortinget. Eigendelen blir lagd til grunn for frikort, og kan førast på eigendelskortet. Born under 16 år, nødvendig følgje og personar med frikort skal ikkje betale eigendel. Bruker du retten til fritt sjukehusval, er eigendelen på 400 kroner kvar veg. Alle, også born under 16 år og personar med frikort, må betale eigendel ved bruk av fritt sjukehusval.
Klagerett
Pasientar, eller representant for pasientar, som meiner at han/ho ikkje har fått oppfylt pasientrettane sine, har klagerett. Det kan klagast både på at ein ikkje får rett til behandling, og på den fristen som er sett for når behandlinga seinast skal starte.
Framgangsmåten er slik at forholdet først må takast opp med sjukehuset/institusjonen innan fire veker, skriftleg eller munnleg. Dersom sjukehuset/institusjonen held fast på avgjerda si, kan pasienten klage til Helsetilsynet i fylket (tidlegare fylkeslegen). Denne klagen skal vere skriftleg, og skal sendast direkte dit innan tre veker frå tidspunktet då pasienten får kjennskap til sjukehuset/institusjonen si endelege avgjerd.
Rett til ny vurdering
Svaret på tilvisinga byggjer på ei helsefagleg vurdering gjord av ein spesialist. I somme tilfelle kan pasienten ønskje å få helsetilstanden sin vurdert på nytt av ein annan spesialist eller ved eit anna sjukehus. For å få ei slik ny vurdering, må ein førespurnad om dette fremjast gjennom fastlegen, som i så fall vil kunne sende ei ny tilvising til spesialisthelsetenesta. Du kan sjølv velje kva stad ho skal sendast til, jf. Fritt sjukehusval.
Pasientombod
Pasientombodet skal arbeide for å ta i vare behov, interesser og rettstryggleik pasienten har overfor helsetenesta, og for å betre kvaliteten i helsetenesta. Du kan vende deg til pasientombodet når du treng råd og informasjon om rettar. Du kan også få hjelp til å nytte klageretten.
Det finst pasientombod i kvart fylke. Pasientomboda har felles informasjonsside på: www.pasientombudet.no
Universell utforming
Sjukehusa våre oppfyller krava til universell utforming slik at blant anna vestibylane og venteromma våre gir likeverdig tilgjenge for alle.