Hopp til hovedinnhold
Pasient

Ventetider

Ventetidene varierer alt etter kor alvorleg sjukdommen er. Legane prioriterer pasientane slik at dei alvorleg sjuke blir behandla før dei som har mindre alvorlege sjukdommar.

Alle som blir tilviste til sjukehus, har rett til å få helsetilstanden sin vurdert innan 30 yrkedagar. Sjukehuset avgjer om det er behov for helsehjelp, og opplyser om når pasienten kan vente å få behandling. Vurderinga baserer seg på tilvising frå lege. Det inneber ikkje at pasienten har rett til endeleg diagnose eller time til undersøking eller behandling innan 30 verkedagar. For dei pasientane som skal ha helsehjelp, skal sjukehuset avgjere om pasienten har rett til prioritert behandling. For pasientar i denne gruppa gjeld visse kriterium for å fastsetje fristen for behandling eller oppstart av utgreiing.

For born og unge under 23 år med psykiske eller rusrelaterte lidingar, gjeld ein spesiell ventetidsgaranti. Dei har rett til å få helsetilstanden sin vurdert innan ti dagar, og få behandling innan 65 yrkedagar (tre månader).

Ventetidene som blir presenterte på sidene til Fritt sjukehusval, viser ei skjønsmessig vurdering av kor lenge dei pasientane med lågaste prioritet, må rekne med å vente. Forventa ventetid er rettleiande, og er oppgitt med eit maksimalt tal på veker..

Ventetidene for kvar enkelt pasient blir fastsette individuelt. Vi tek då omsyn til kor alvorleg sjukdommen er, og til andre forhold som er spesielle for den enkelte.

Ventetider på kreftbehandling blei publiserte på nettsidene i mai 2011. Merk at ventetidene som vert presenterte der, er utarbeidde på grunnlag av aktivitetsdata frå sjukehusa, som vert innrapporterre til Norsk pasientregister, det vil seie historiske tal, der den målte tida er median ventetid.