Fagbiblioteket 2021

Eit tilbakeblikk på 2021 for Fagbiblioteket i HMR

Under pandemien opplevde Fagbiblioteket auka bruk av digitale tenester, men noko lavare utlån av fysiske bøker. No når koronatiltaka er borte kan Fagbiblioteket halde ope som normalt og har kjøpt inn ny og relevant faglitteratur. 

Fagbibliotekar Eva Nygård Lundanes bistår både med utlån av bøker og hjelp til å finne elektroniske vitskaplege artiklar

Fagbibliotekar Eva Nygård Lundanes bistår både med utlån av bøker og hjelp til å finne elektroniske vitskaplege artiklar



Gjenoppfrisking av litteraturtilbodet

Sidan 2015 har Fagbiblioteket vore pålagt ein generell innkjøpsstopp. 
-Det er gledeleg å fortelje at for 2022 har vi fått midlar til å kjøpe inn fagbøker innan nokre utvalde satsingsområde i HMR: anestesi, intensiv, operasjon (AIO), jordmor, samt praksisveiledning. Etter kvart som bøkene blir innkjøpte vil dei bli plasserte i Molde og Ålesund, og utlånt til tilsette i heile HMR som jobbar eller tar vidareutdanning innan desse områda, forklarar fagbibliotekar Eva N. Lundanes.  ​






Nye tidsskriftavtalar i 2021 

Helsebiblioteket.no som har nasjonal dekning, måtte frå årsskiftet 2020/2021 seie opp avtalane for tre sentrale tidsskrift. HMR har finansiert abonnement på desse for 2022:  Annals of internal medicine, BMJ og JAMA.   

Og vi fekk i tillegg på plass abonnement på andre etterspurde titlar frå BMJ (British Medical Journal): 

Archives of disease in childhood: Fetal & neonatal

Tilgangen er direkte hos utgjevar d.v.s. direkte i tidsskrifta, frå sjukehusnettet, med gjenkjenning via IP-adresse.   

Abonnementet på Annals of internal medicine inkluderer også tilgang til ACP Journal Club.    

Etter spørsmål og påtrykk har vi frå 2021 fått tatt inn igjen abonnementa på:    

Tilgongen til desse to er ikkje direkte hos tidsskriftet, men via OVID.  Oversikt over HMR sine abonnement: Tidsskriftliste HMR - 2021 (tilgong kun for tilsette i HMR)   
 HMR har framleis tilgang til tidsskrift på ClinicalKey  ​

ClinicalKey i HMR                                                                                 
Sidan hausten 2012 har HMR hatt avtale med forlaget Elsevier om bruk av ClinicalKey www.clinicalkey.com. ClinicalKey (CK) er aktuelt for sjukehus og helseføretak som ikkje har tilgang/avtale med universitetsbibliotek.   

CK er ein portal der Elsevier har samla eit utval e-tidsskrift, e-bøker, bilete, video m.m. som dei har utgitt, og valt ut med tanke på rask tilgang til bruk i klinisk arbeid. CK har òg ein generell søkefunksjon som også omfattar ressursar frå andre, til dømes referansar frå MEDLINE.  

Bruken av CK har auka mykje sidan første heile året, 2013. For 2021 var det vore ein liten nedgang i bruken av tidsskriftartiklar, men ny auke i bruk av kapittel frå e-bøker.  

​Clinical Key
​2013
​2019
​2020
​2021
​Books total
​2889
​15482
​11884
​13935
​Journals Total
​4892
​9550
​9961
​7628









Sist oppdatert 15.03.2022