Forord årsmelding 2021

Kjære alle saman

No har vi lagt bak oss 2021, eit år prega av pandemi, men på ein annan måte enn i 2020.

Vi augnar no at samfunnet opnar opp, vi får betre kontroll på livet att, men samstundes ser vi mørke skyer i horisonten. Heldigvis er det svært mykje glede i god forsking og utdanning.

I føretaket er «forskarane» over tid vorte meir synlege. Forskinga i HMR er nært knytt til klinikk, «forskaren» har klinisk jobb som hovudstilling. Det er ein styrke, men og ein utfordring. Korleis skal HMR best lukkast med å følgje opp krava som vert stilt frå samfunnet. Kravet om å integrere forsking slik at den smeltar saman med klinisk drift, krav om auka talet på kliniske behandlingsstudiar, krav om  å bruke meir forskingskompetanse integrert med problemstillingar vi handterer. Korleis synleggjere arbeidet, korleis legge til rette då mange av oppgåvene fell på enkelt personar. Dette arbeid er ein kontinuerleg jobb for leiar og forskar, det skal vere i samarbeid og med eit heilskapsperspektiv i oppgåveløysingane. I året som har gått er arbeidet starta, og effektar vil kome i 2022 og meir i åra som kjem. I årsmeldinga syner vi nokre døme på godt forskingsarbeid i Helse Møre og Romsdal.

I 2021 famna fokuset på utdanning og kompetanse bredt, frå å lukkast med gode praksisstudiar og læringsplassar, til hospitering, fagdagar og relevante e-læringar. For ikkje å gløyme kompetansekartlegging, ferdigheitstrening, simulering, utdanning av LIS-legar, spesialsjukepleiarar og leiaropplæring. For å nemne noko. I året som har gått har vi også vidareført arbeidet med å styrke arenaer for samhandling mot kommunane og dei kringliggande utdanningsinstitusjonane, og det vart oppretta ein rekke offisielle og uoffisielle møteplassar. Vi har også lagt til rette for fleire treffpunkt lokalt i føretaket, og mellom utdanningsfolket på dei ulike HFa i Helse Midt-Norge. Dette gjer at vi kan bygge ein felles kultur og forståing av denne viktige oppgåva vår: utdanning av helsepersonell. Vi har eit godt grunnlag å byggje vidare på, og glimt av satsingane i Helse Møre og Romsdal er presentert i årsmeldinga.

God lesing!

Dag Arne Lihaug Hoff, Forskingssjef
Guro Berge, Utdanningssjef 

Guro Berge og Dag Arne Lihaug Hoff



Klikk her for å gå tilbake til årsmelding 2021​

Sist oppdatert 08.04.2022