Faglege samarbeidsutval samla til felles samling på Vestnes
Hensikta med samlinga var å styrke den felles forståinga av utvala si rolle i arbeidet med å konkretisere mål og strategiar i Helsefellesskapet Møre og Romsdal. Det overordna målet er meir samanhengande pasientforløp og god ressursbruk i helsetenestene.

Foto: Helse Møre og Romsdal
Mål og hensikt med samlinga
Samlinga vart gjennomført 1. oktober i Vestnes rådhus. Hovudtemaet for samlinga var korleis dei faglege samarbeidsutvala kan bidra til å konkretisere mål og strategiar i felles handlingsplanen for Helsefellesskapet Møre og Romsdal. Gjennom innlegg, dialog og erfaringsutveksling drøfta deltakarane korleis den felles handlingsplanen kan gjerast meir relevant, engasjerande og gjennomførbar, og kva rolle utvala har i dette arbeidet.
Seks faglege samarbeidsutval
I tråd med samarbeidsavtalen er det i Helsefellesskapet Møre og Romsdal etablert seks faglege samarbeidsutval (FSU):
- Barn og unge
- Psykisk helse og rus
- Kronisk multisjuke og skrøpelege eldre
- Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg
- Behandlarsamarbeid og samarbeidsordning for spesialisthelsetenesta og fastlegane
- Akuttmedisinsk kjede og helseberedskap
Dei faglege samarbeidsutvala er samansett av representantar frå kommunane, Helse Møre og Romsdal, fastlegetenesta og brukarrepresentantar frå både kommunar og spesialisthelsetenesta. Dei skal identifisere behov og utvikle tiltak innan sine fagområde.
Prioriterte tiltak inngår i felles handlingsplan for Helsefellesskapet Møre og Romsdal. Utvala kan også foreslå retningslinjer som støttar god samhandling mellom tenestene. I arbeidet har utvala særleg merksemd på førebygging, behandling, rehabilitering, læring og meistring, digital samhandling, kompetanseutvikling, forsking, utdanning og medverknad frå pasientar, brukarar og pårørande.
Faglege samarbeidsutval rapporterer til Strategisk samarbeidsutval og har ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle framtidas helseteneste.
Meir informasjon om dei faglege samarbeidsutvala kan lesast her.
Frå strategi til handling
Helsefellesskapet sin handlingsplan 2025-2026 skal understøtte mål og strategi for felles tenesteutvikling, ansvars- og oppgåvefordeling og fagleg samarbeid. Handlingsplanen skal fungere som eit verktøy og understøtte visjonen: Eitt lag – felles ansvar og tilrå løysingar mot fire prioriterte område:
- Sterkare samhandling – felles kultur
- Prioritere gjennom kloke val
- Digitalisering og bruk av teknologi
- Kompetanse og rekruttering
I den første workshopen av samlinga drøfta deltakarane korleis tiltaka i den felles handlingsplanen kan knytast tettare til dei overordna måla for helsefellesskapet, og dei faglege samarbeidsutvala si rolle i dette arbeidet.
Eit viktig understøttande bidrag, er moglegheit for å søke om Rekrutterings- og samhandlingstilskot, som var tema for den andre workshopen i samlinga. Deltakarane vart informert om kriterium og frist for å søke tilskot, samt prosess for tildeling med tilråding frå vurderingsnemnd og avgjerd om tildeling i Strategisk samarbeidsutval. Eit verktøy som kan nyttas i både i søknadsutforming og generelt i prosjektarbeid, er minimetodevurdering. Under samlinga informerte FHI om korleis metoden kan nyttast for vurdering av tiltak på tvers av sjukehus og kommunar.
Vegen vidare
Gjennom diskusjonar og gruppearbeid vart det tydeleg at dei faglege samarbeidsutvala spelar ei viktig rolle i arbeidet med å omsetje mål og strategiar til konkrete tiltak. Eit gjennomgåande bodskap frå samlinga var at tiltaka i den felles handlingsplanen må vere relevante, godt forankra og gi nytte for pasientar, brukarar og helsepersonell.
Fleire peika på verdien av å byggje vidare på etablerte samarbeidsarenaer og erfaringar frå utviklingsarbeid innan mellom anna heilskaplege pasientforløp, førehandssamtalar, samhandling mellom fastlegar og sjukehus, barn og unge og psykisk helse og rus.
Samtidig vart behovet for sterkare forankring og tydelegare samspel mellom nivåa i Helsefellesskapet løfta fram. Deltakarane understreka betydninga av klare prioriteringar, relevante oppdrag og samarbeid på tvers av utvala for å møte felles utfordringar.
Eit tema som gjekk att i diskusjonane, var forholdet mellom mandat og forventningar. Dei faglege samarbeidsutvala er i utgangspunktet rådgjevande, men blir samstundes bedne om å utvikle og konkretisere tiltak i den felles handlingsplanen. Fleire peika på at dette bør vere ein del av den vidare diskusjonen om organiseringa av Helsefellesskapet, slik at rolle, ansvar og handlingsrom blir tydelegare avklarte. Samstundes vart det framheva at utvala sit på verdifull tverrfagleg kompetanse som kan bidra til betre samhandling og tenesteutvikling på tvers av nivåa.
Under evalueringa av samlinga peika fleirtalet av deltakarane på behovet for ei årleg fysisk samling med rom for dialog og arbeid i utvala. Samstundes vart digitale fagmøte mellom samlingane og ei tydelegare kopling mellom arbeidet i dei faglege samarbeidsutvala og oppfølginga i Strategisk samarbeidsutval, peika på som aktuelle utviklingsområde framover.