Han skal leie teknologisatsinga i Helse Møre og Romsdal
Helge Storøy (53) har tung erfaring fra IKT-området, og har dei siste åra jobba med velferdsteknologi og Helseplattformen.
Publisert 08.12.2021

Helge Storøy
Storøy har sidan 2017 vore prosjektleiar for innføring av velferdsteknologi i Romsdals-kommunane, og har også vore regional innføringsleiar for Helseplattformen.
- God teknologiutvikling er ein viktig føresetnad for framskritt i eit helseføretak. Evnen til å ta i bruk ny kunnskap og teknologi, involvering av pasientar og pårørande, og å skape ei heilhetleg helseteneste saman med kommunar, fastlegar og andre - er eksempel som representerer eit stort utviklingspotensiale i tida framover, seier Storøy.
Brei leiarerfaring
Storøy har ein Ph.d frå NTNU i Trondheim innan fiberoptiske sensorar, og tung og brei bakgrunn frå leiarrollar i IKT-sektoren - mellom anna ulike europeiske og globale leiarstillingar i FAST Search & Transfer og Microsoft, og forretningsleiar for Tieto sine helseløysingar i Norge.
- Eg er svært takksam for å få Helge med på laget. Han vil bli ein sentral ressurs i arbeidet med e-helse- og teknologisatsinga i ei framtid der det vil vere knappheit på fagpersonar samtidig som behovet for spesialisthelsetenester vil auke. Helge er opptatt av å brygge bro mellom fag og teknologi, noko som vil være ein kritisk suksessfaktor for å lukkast med dette arbeidet. Eg er heilt trygg på at vi har fått riktig mann for denne viktige jobben, seier administrerende direktør Øyvind Bakke.
Byrjar i mars
Storøy byrjar i jobben i 14. mars, får plass i leiargruppa og rapporterar til administrerande direktør. Han skal leie den nyoppretta Avdeling for e-helse og teknologi.
Under denne avdelinga er følgande organisert:
• Seksjon for IKT (i dag organisert under fagavdelinga)
• Helseplattformen (i dag organisert under fagavdelinga)
• Innovasjon (i dag organisert under fagavdelinga)
• Avdeling for eigedomsdrift og medisinsk teknologi, som i dag er organisert under Klinikk for drift og eigedom, blir splitta opp og medisinsk teknologi blir overført til den nye avdelinga.