Åpna ny observasjonseining ved Kristiansund sjukehus

- Eininga Akutt12 skal gi riktig behandling på rett nivå og ta ned trykket på sengepostane, sa klinikksjef Georg Nikolai Johnsen ved åpninga av den nye observasjonseininga i akuttmottaket.

Publisert 23.05.2022

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Frå åpninga av Akutt12 i Kristiansund. F.v. Cindy Golmen Bøe, Nina Brattøy, Kathrine Frisvold, Monicha S. Isaksen, Elin Kjønnø, Georg Johnsen, Joakim Varvin og Åge Austheim


Mandag åpna klinikksjef for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Georg Nikolai Johnsen Akutt12 som er ei ny observasjonseining knytt til akuttmottaket ved sjukehuset i Kristiansund. Dette er den første eininga i sitt slag ved sjukehusa i fylket, og peikar såleis framover mot det nye akuttmottaket og korttidsposten som opnar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) i 2025.

- Vi håpar at det nye tilbodet skal redusere innleggingar og gi riktig behandling på rett nivå. Det er eit faktum at viss pasienten først blir skriven inn, så blir dei ofte liggande lengre på sjukehus enn strengt tatt nødvendig, seier klinikksjef Johnsen.

Observasjonseininga Akutt12 har tre pasientplassar kor ein kan undersøkje, observere og behandle øyeblikkeleg hjelp-pasientar som sannsynlegvis kan avklarast og utskrivast samme dag. Det er akuttmottaket som er ansvarleg for drifta, og i første omgang er det indremedisinske pasientar som blir prioritert ved eininga. ​