Ber om auka lån til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i dag å be Helse Midt-Norge om ei utvida låneramme for SNR-prosjektet. Behovet for auka lån skuldast kompensasjon for prisstiging knytt til HMR si investeringsramme og ikkje overskridingar i prosjektet.

- Dette er ein heilt ekstraordinær situasjon og difor vil styret be om å få utvida HMR si ramme (priskorrigert P-70) til 6,530 mrd. 2022-kroner for å sikre at helseføretaket si berekraft blir oppretthald, seier leiar av styret, Ingve Theodorsen og viser til pågåande arbeid med naudsynte investeringar og oppgradering av gamal bygningsmasse i HMR.

Prosjektsjef Ketil Gaupset orienterer under ei omvising på byggeplassen i april. Med rød hjelm frå venstre: Odd Inge Mjøen, styreleiar i HMN, Ingve Theodorsen, styreleiar i HMR og Stig Slørdahl, adm.direktør i HMR
Lånet frå Helse Midt-Norge til SNR-prosjektet blir hovudsakeleg justert etter den generelle pris- og lønsveksten i statsbudsjettet, medan investeringsramma for SNR-prosjektet blir korrigert etter SSB sin byggindeks for å oppretthalde uendra kjøpekraft. Differansen mellom desse to priskorrigeringane har auka unormalt mykje som følgje av hendingar som ligg utanfor SNR-prosjektet sin påverknadsmoglegheit. Ved utgangen av august 2022 er differansen på om lag 500 millionar kroner og avviket vil truleg auke i løpet av hausten.