Fekk forskingsprisen 2020 for fedmeforsking

Overlege Jorunn Sandvik ved Kirurgisk avdeling, Ålesund sjukehus og Senter for fedmebehandling, St.Olavs hospital, fekk forskingsprisen 2020 for forskinga si på langtidseffektar etter fedmekirurgi.

Publisert 17.06.2022

Prisvinnar Jorunn Sandvik og sekretær i Regional brukarorganisasjon Toril Grøtte.

PRISVINNAR: Jorunn Sandvik (t.h.) fekk blomstrar og diplom i tillegg til 150 000 kr i prispengar. Prisen vart utdelt av Toril Grøtte, sekretær i Regional brukarorganisasjon. Foto: Geir Otto Johansen/St.Olavs hospital

Prisen blir delt ut av Regionalt brukarutval (RBU) i Helse Midt-Noreg kvart år og er på 150 000 kroner. Den vart overrekt prisvinnaren på Kunnskapssenteret på St. Olavs hospital 10. juni.

I grunngivinga frå juryen heiter det at «prosjektet har høg vitskapleg kvalitet og har bidratt til auka kompetanse, og kjem framtidige pasientar til gode gjennom forbetra behandling og oppfølging».

Ekspert på fe​dmebehandling

Jorunn Sandvik er overlege ved kirurgisk avdeling, Ålesund sjukehus og hadde ansvar for fedmekirurgi-tilbodet i Møre og Romsdal i frå 2004-2015.

I denne perioden var det rundt 700 pasientar som vart opererte for alvorleg fedme, og følgt opp av eit tverrfagleg team ved Overvektspoliklinikken. Alle pasientforløp vart registrerte i eit lokalt kvalitetsregister som var utgangspunkt for doktorgradsprosjektet som vart avslutta i juni 2020. Ho hadde PhD-stipend frå Helse Møre og Romsdal frå 2017-2020. Forskingsprosjektet er gjort i samarbeid med Regionalt senter for fedmeforsking ved St. Olavs hospital.

Frå 2018 har ho leidd den regionale BAROBS-studien som er eit oppfølgingsprosjekt av pasientar som gjennomgjekk fedmekirurgi ved sjukehusa i Helse Midt-Noreg for 10-15 år sidan. Formålet med prosjektet er å kartlegge helsetilstanden til denne pasientgruppa ti år etter at dei er opererte, med spesielt fokus på førekomst av etterverknader av behandlinga.

Kjem til brukarkonfe​ransen

Ei av forpliktingane til prismottakar er å delta på regional brukarkonferanse for å orientere om forskinga som er grunnlaget for prisen. Konferansen blir arrangert 16. eller 17. november 2022.

RBUs forskingspris er vorte utdelt kvart år sidan 2004. Dette var den 17. gongen at prisen vart delt ut.