Framleis behov for besøksforbod

Det er framleis høgt smittetrykk i samfunnet, noko som gjer at Helse Møre og Romsdal ser behov for å videreføre besøksforbodet som vart innført 17. desember.

Publisert 07.02.2022
Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva

Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva

17. desember innførte Helse Møre og Romsdal besøksforbod ved alle våre sjukehus og institusjonar. 
– Vi har framleis behov for å ha kontroll på kven som er innom sjukehusa, dette for å førebygge smitte i størst mogleg grad. Den største risikoen ved smitte er per no ikkje alvorleg sjukdomsforløp, men sjukefråver blant tilsette som kan gi større driftsutfordringar, fortel smittevernoverlege Jørn-Åge Longva. Han legg til at Helse Møre og Romsdal har fleire unntak for å sikre besøk til dei som treng det.