Gudrun Karlsen er tilsett som prosjektleiar for DMS-prosjektet

Seksjonsleiar ved Kristiansund sjukehus, Gudrun Karlsen, får ansvaret med å leie arbeidet med å realisere eit nytt og framtidsretta pasienttilbod i Kristiansund. Karlsen har vore leiar sidan 2005, har variert prosjekterfaring og har vore med på å utvikle og etablere fleire nye tilbod ved sjukehuset i Kristiansund.

Publisert 30.06.2022
Sist oppdatert 11.08.2022
En person som bruker briller

Gudrun Karlsen

- Eg er særs glad for å få moglegheit til å bidra i arbeidet med å etablere eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Eg ser fram til arbeidet med å samle eit breidd spekter av helsetenester i eit samarbeid om primær- og spesialisthelseteneste og private leverandørar av helsetenester, seier Karlsen

Om DMS-prosjektet
Det er Kristiansund kommune, Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd (IPR) og Helse Møre og Romsdal som i fellesskap samarbeidet om å utvikle eit distriktsmedisinsk senter (DMS) i Kristiansund. DMS-tilbodet skal samlokaliserast i dagens sjukehusbygg i Kristiansund kor Helse Møre og Romsdal også skal etablere sitt SNR-tilbod med dagbehandling, poliklinikk og dagkirurgi. 

- Eg ser fram til at Gudrun Karlsen no startar som leiar i DMS-prosjektet. Eg gler meg til å jobbe saman med Gudrun for å utnytte dei synergiane som ligg i ein samlokalisering mellom SNR Kristiansund, kommunale- og interkommunale tenester samt eventuelle private tilbod. No blir det satt fart på denne jobben, seier ordførar Kjell Neergaard som også er leiar av styringsgruppa i prosjektet 

- Vi er glad for å få Gudrun Karlsen som prosjektleiar. Karlsen får ei viktig rolle i å leggje til rette for samhandling mellom brukarane, kommunane og spesialisthelsetenesta, seier Heidi Nilsen, viseadministrerande direktør i HMR.


Karlsen går inn i stillinga som prosjektleiar frå 1.september