Hever beredskapen på Kristiansund sjukehus

Svært høgt pasientbelegg med mange utskrivingsklare pasientar gir store utfordringer for drifta på sjukehuset.

Publisert 15.07.2022
Akuttmottaket ved Kristiansund sjukehus

Akuttmottaket ved Kristiansund sjukehus


Kristiansund sjukehus har dei siste vekene vore i ein svært krevjande situasjon med eit stort tal inneliggande pasientar, samtidig som ein stor del av pasientane er utskrivingsklare.

Sjukehuset har 55 senger og per fredag 15. juli er det 15 utskrivingsklare pasientar som ventar på plass i kommunen. I tillegg har det vore mange tilfelle av covid-19 som gjer at nokre av pasientane må isolerast. 

- I dag har vi nærare 120 % belegg. Veldig mange av desse er dårlege medisinske pasientar og intensivkapasiteten vår er no sterkt pressa. For å sikre forsvarleg akuttberedskap har vi no vore nødd til å kalle folk tilbake frå ferie, seier assisterande klinikksjef Carina Wollan Myhre i Klinikk SNR. 

Molde sjukehus, som også opplev auka pasienttilstrøyming, vil gjennom helga ta over randsonepasientar frå Kristiansund, samtidig som Ålesund sjukehus vil ta over randsonepasientar frå Molde. 

- Vi har informert Statsforvaltaren og ​kjem  til å følgje denne ekstraordinære situasjonen tett gjennom helga og til veka for å sjå om det trengs ytterlegare tiltak, seier beredskapsleiar Hans Olav Ose i Helse Møre og Romsdal.