HMR jobbar vidare med Helseplattformen

St. Olavs hospital vedtok denne veka å utsetje innføringa av Helseplattformen til hausten 2022. – Per i dag held vi fram arbeidet mot vår innføring som planlagt, seier Henrik Erdal, fagleg leiar for Helseplattformen.

Publisert 28.04.2022

Helseplattformen er innføringa av nytt felles pasientjournalsystem for helseføretak, kommunar, fastlegar og innbyggarar i Midt-Noreg, som skal bidra til ein meir saumlaus helseteneste for innbyggarane og betre verktøy for dei tilsette. Helseplattformen er planlagt med første utrulling hos St. Olavs hospital og Trondheim kommune mai 2022, og Helse Møre og Romsdal 29. april 2023.

Tidlegast innføring i september

Onsdag 27. april konstaterte styret ved St. Olavs hospital at effektane av pandemien og andre forhold gjer det uforsvarleg å innføre Helseplattformen før sommaren, og anbefalte utsetjing til tidlegast medio september. Helse Midt-Norge RHF er beslutningsansvarleg og støtta i styremøtet sitt 28. april St. Olavs hospital si innstilling. Trondheim kommune vil framleis innføre Helseplattformen i mai 2022.

Vegen vidare

Det blir no sett i gang arbeid med alle involverte aktørar, også Helse Møre og Romsdal, for å greie ut eventuelle konsekvensar for kvar aktør og heilskapen med tanke på framdrift, økonomi og andre forhold. Det er for tidleg å seie noko om konsekvensane utsetjinga på St. Olavs hospital kan få for Helse Møre og Romsdal.

– Helseplattformen vert eit viktig verktøy for betre samhandling rundt den enkelte pasient, og vil gje eit kvalitetsløft for helsetenesta. Vi er godt i gang med eigne førebuingar til å ta den nye løysinga i bruk og antek inntil vidare at vårt føretak skal innføre Helseplattformen som planlagt 29. april 2023,  seier fagleg leiar for Helseplattformen, Henrik Erdal.

Vil utrede konsekvenser av utsettelse (helse-midt.no)

Styret anbefaler oppstart etter sommeren (stolav.no)