Ny milepæl for SNR-prosjektet da kontrakt nr. 26 blei signert

Tysdag 5. juli signerte Helse Møre og Romsdal den siste kontrakten knytt til sjølve bygginga av SNR Hjelset. Kontrakten med QPS AS om varme- og kjøleanlegget, samt sjøvatnanlegg for SNR har ein forventa kostnad på om lag 40 mill. kr. inkl. mva.

Publisert 05.07.2022
En mann og kvinne som sitter ved et bord med en kake og bærbare datamaskiner
Frå venstre: Svein Oddvar Korsvik, prosjektleder som bistår QPS AS, Arvid Engløkk, prosjektleder for QPS AS, Via teams: Heidi Nilsen, leder av prosjektstyret for SNR og Knut Ragnar Heimdal, prosjektdirektør for SNR-prosjektet


- Signeringa i dag er nok ein viktig milepæl for prosjektet og vi er glad for å kunne ønske QPS AS med på realiseringa av det nye fellessjukehuset for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal, seier Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR

- Vi takkar for oppdraget og ser fram til å bruke vår kompetanse og samarbeide om å finne dei best løysingane for prosjektet, seier Arvid Engløkk, prosjektleiar for QPS AS. 

Kontrakten med QPS var den 26 kontrakten som blir signert etter at ny gjennomføringsmodell blei vedtatt. Den 30.juni signerte prosjektet kontrakt med EPTEC AS om levering og montering av varmepumper, kjølemaskiner og dataromkjølere til ein kontraktsverdi på 15 mill. kroner inkl. mva.

Attståande kontraktar knytt til SNR-prosjektet som bli lyst ut i marknaden på et seinare tidspunkt er SNR Kristiansund, helikopterlandingsplass og utomhus på Hjelset​


Les meir om dei ulike kontraktane i prosjektet her