Opnar føden i Kristiansund 6. juni

- Dette har dei tilsette sett fram til, seier klinikksjef Georg Johnsen i Klinikk SNR.

Publisert 23.05.2022
Sist oppdatert 25.05.2022
F.v Johanne Gryt, Georg Johnsen, Carina Myhre, Johan Kippervik og Øyvind bakke

F.v Johanne Gryt, Georg Johnsen, Carina Myhre, Johan Kippervik og Øyvind bakke


Fødeavdelinga i Kristiansund har vore stengt sidan februar i fjor grunna mangel på fagfolk, og siden den gong har alle fødande på Nordmøre blitt sendt til Molde sjukehus for å føde. 6. juni opnar føden i Kristiansund igjen.

- Eg ønsker å berømme den store innsatsen for å få på plass fagfolk. Eg trur det er få som forstår kor mykje arbeid som ligg bak dette i ein situasjon med nasjonal og internasjonal mangel på både gynekologar og jordmødre, seier adm. dir Øyvind Bakke.

Etter at to av legane nyleg fekk godkjent spesialiseringa i gynekologi, er det no tilstrekkeleg med overlegar til å kunne gjenopne avdelinga som ein 5-døgnspost.

- Glad for å presentere dato
- Vi har jobbet lenge med gjenopninga, og eg er  glad for at vi no har kome dit at vi kan presentere ein dato for opning, seier avdelingssjef Johan Kippervik.

5-døgnspost er ein driftsform der det vil bli tatt imot fødande frå mandag kl 08 til fredag kl 08. Barselavdelinga vil vere open heile veka, slik den er i dag.

- I tida framover kan dei som fortsatt vil føde i Molde og heller bruke barselavdelinga i Kristiansund få full anledning til det, seier Kippervik.

Før opninga 6. juni vil det bli gjennomført eit drøftingsmøte med tillitsvalde om driftsforma.

- Viktig å trygge gravide
Det blir også lagt ut meir detaljert informasjon på heimesida til Helse Møre og Romsdal.

- Vi vil sende ut utfyllande informasjon til kommunehelsetenesta og til dei gravide. Det er viktig for oss at dei gravide kjenner seg trygg fram mot fødselen,  seier seksjonsleiar Johanne Gryt.

- Vi veit at dei tilsette gleder seg veldig til å ta imot dei fødande igjen og er veldig glad for at vi fekk til dette før sommaren, seier klinikksjef Georg Johnsen.