Planlegg åpning av Vardesenteret i 2023
Kreftforeningen er godt i gang med samle inn pengar til å finansiere Vardesenteret Møre og Romsdal ved Ålesund sjukehus. Planlagt åpning er i 2023.
Illustrasjonen syner det første utkastet frå arkitekten til det nye bygget som er planlagt mellom kreftbygget og Åse hotell.
Vardesenteret Møre og Romsdal er eit topartssamarbeid mellom
Kreftforeningen og Helse Møre og Romsdal. Kreftforeningen står for finansiering,
medan Helse Møre og Romsdal skal stå for den daglege drifta. Senteret vil vere
bemanna av fagpersonar, likepersoner og frivillig vertskap.
– Vi har jobba i
mange år for å få etablert eit Vardesenter. Det vil gi kreftpasientar eit
heilhetleg tilbod, også utover den medisinske behandlinga, seier klinikksjef
Jorun Bøyum ved Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og
Romsdal.
Vardesenteret er berekna til å koste 10 millionar kroner,
pengar som skal kome frå Kreftforeningen og innsamla midlar. Helse Møre og
Romsdal stiller tomt til rådighet for eit heilt nytt bygg som skal huse det nye
senteret. Bygget skal stå mellom kreftbygget og Åse hotell og er planlagt
ferdigstilt i 2023.
Det første Vardesenteret ble åpna i 2010.
Vardesenteret Møre og Romsdal vil bli det åttande i rekkja. Vardesenteret blir
ein integrert del av det praktiske pasientforløpet og helsetilbodet til
kreftpasientar og pårørande. Målet er at alle som er rørt av kreft kan kome
innom senteret, og få veiledning til å finne tilrådde tilbod i alle delar av
utredninga og behandlingsforløpet. Alle tilbod og aktivitetar på Vardesenteret
er gratis.
Alle Vardesenter i landet er blitt til takka vere gåver og innsamla
midlar, samt støtte frå samarbeidspartnere og sponsorar.
Du kan lese meir om
Vardesenteret Møre og Romsdal her