Sengepost stengt for besøkande ved Kristiansund sjukehus

Oppdatert: Medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus forlengar besøksforbodet ut veke 26.

Publisert 17.06.2022
Sist oppdatert 28.06.2022

– Vi har kontroll på utbrotet og har ikkje internsmitte. Samtidig opplev vi at mange av pasientane som blir innlagd er covid-positive. Vi ser difor grunn for å forlenge besøksforbodet ut veke 26, seier assisterande klinikksjef SNR Kristiansund sjukehus, Carina Wollan Myhre. ​


Eit utbrot av Covid19 har ført til at sjukehuset i Kristiansund har stengt den medisinske sengeposten for besøkande fram til ny vurdering mandag 4. juli. Ein har komt raskt i gang med handtering av utbrotet, og tiltak er satt iverk for å stanse det. Ingen av dei smitta pasientane har alvorlege symptom.
- Pasientane det er snakk om er isolert, og vi har god kontroll på situasjonen, seier smittevernrådgivar Ann-Iren Kjønnøy, som legg til at sengeposten ikkje er stengt og at dei tek imot nye pasientar.

Kjønnøy fortel vidare at det er gjort unntak for besøkande til kritisk sjuke pasientar, men at besøk må avtalast med sengeposten på førehand.

Utbrotet har ikkje konsekvens for drifta ved sjukehuset.