Nye avtalar skal redusere ventetider og fristbrudd

Helse Midt-Norge har inngått avtalar med private aktørar for å redusere ventetidene innan psykisk helsevern. – Dette er eit godt tiltak for auke kapasiteten på kort tid, seier klinikksjef Ståle Hoff.

Publisert 17.06.2022

En mann med briller

Ståle Hoff er klinikksjef for Klinikk psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal.

An​skaffelsen er gjennomført av Helse Midt-Norge i samarbeid med Helse Møre og Romsdal. Pasientane vil bli henvist vidare frå helseforetaket til dei private leverandørene det er inngått avtale med. Dei nye avtalane vil gi økt kapasitet i løpet av kort tid.
- Det er positivt at det blir satsa meir på psykisk helsvern i vårt fylke, og vi ser fram til å ta avtalane i bruk, seier klinikksjef Ståle Hoff i Kllinkk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal.

Hoff fortel vidare at det er forventa frå våre eigarar at vi skal samarbeide med private tilbydarar i utvikling av vårt teneste tilbod. Det at vi nå får en oppbygging av polikliniske spesialisthelsetenester innan psykisk helsevern er positivt for våre brukarar, og vi står betre rusta til å redusere ventetider og fristbrot. Vi har rekrutteringsutfordringar knytt til å få tak i nok personell, og det kan difor også vere rekrutterande at vi får enda fleire fagmiljø i fylket.

Fagdirektør Henrik Sandbu i Helse Midt-Norge seier at avtalene som er inngått vil sikre moglegheit for god behandling for pasientar med behov for spesialisthelsetenester. Omfanget i avtalane kan også aukast.

Det er Medi 3 i Ålesund og Unicare Norge i Molde som er valgt som leverandørar i Møre og Romsdal. Dette gjeld både for psykisk helsevern for barn og unge og psykisk helsevern for voksne. Avtalane trer i kraft frå 1. juli 2022.​