Utdanning

Spanande og lærerike førelesningar

Publisert 03.02.2022
Sist oppdatert 08.04.2022
​Slik lyd oppsummering frå ei av dei som deltok  på Protokollkurset 2021.  

Elisabeth Sæther

-Kvaliteten på føredraga var god, med relevante tema, og det var fint å få ein repetisjon av dei ulike metodane innanfor forsking og sjølve gongen i Protokollskrivinga, seier jordmor og stipendiat Elisabeth Sæther.

Sæther fekk i november 2021 tildelt 3-årig forskarstipend og er no i full sving. Ho har jobba med prosjektet sitt over lengre tid, og sette pris på at ho traff andre deltakarar med forskjellig kompetanse og fagleg bakgrunn gjennom Protokollskolen. Det å kunne oppmuntre, gje og få råd og dra kvarandre vidare, har vore positivt for ho i søknadsprosessen.   

Som deltakar på Protokollskolen får helsepersonell lære meir om korleis ein planlegg og gjennomfører eit forskingsprosjekt. Kunnskapen dei får skal stake vegen for nye doktorgrader, og publisering av vitskaplege artiklar.  


Torstein Hole

Fagansvarleg Torstein Hole

​-Det er tydeleg at deltakarane har jobba godt mellom førelesningane, og det har vore kjekt å lese alle dei flotte bidraga, seier fagansvarleg Torstein Hole.  

Engasjerte førelesarar gir tips og kunnskap om søknadsskriving frå A til Å.  I tillegg til å lære å skrive forskningsprotokoll og vitskaplege artikler, får deltakarane opplæring i litteratursøk og planlegginga av eit forskingsprosjekt.  ​


To av førelesarane: Magne Nylenna og Vibeke Videm

To av førelesarane: Magne Nylenna og Vibeke Videm


Mange av studentane har gitt uttrykk for at det har vore nyttige innlegg og eit godt utgangspunkt for å kunne velje relevante metodar i forskingsarbeid. God kunnskap om forskingetikk og juridiske rammer er også ein del av innhaldet i samlingane. 

Det vart tidleg klart at årets Protokollkurs måtte gjennomførast heildigitalt. Kurset måtte leggast  om og gå i digital form. På denne måten kan alle delta frå der dei oppheld seg. Det faglege opplegget er det same og føredragshaldarane har entusiastisk stilt seg bak for å få til dette.  

Magne Nylenna hadde lite erfaring med å undervise på teams, men synes dette gjekk overraskende greit. Kurset består av fem samlingar på teams, siste førelesing  var 22. september og frist for innlevering av skriftleg eksamen 1. november. Det var 18 som var oppmeldt til eksamen. Hausten 2022 kan eit nytt kull starte på Protokollskolen. Utlysinga kjem ila mars/april. 

 

Protokollkurset er ein del av NTNU Videre sitt studiepoengjevade kursporgram (7,5 stdpoeng).   ​


 

​​Gå til heimeside  
https://www.ntnu.no/studier/emner/MDV6005