Ungdommar med spiseforstyrring treng familiane sine for å bli friske
Spiseforstyrring er ein av dei mest alvorlege psykiske lidingane. Antall pasientar aukar, også alvorlegheitsgraden. - Difor set vi no i gang med fleirfamiliegrupper i behandlinga, seier familieterapeut Kristin Silseth i Helse Møre og Romsdal.

Behandlarar ved avdeling for psykisk helsevern barn og unge i Molde. F.v. Linda M. Jensen, Kristin Silseth, Monica Eide, Anette Rust og Oda Hermann.
Ved poliklinikken for psykisk helsevern for barn og unge i Molde har ein sett i gang med fleirfamiliegrupper i behandlinga av pasientar med spiseforstyrringar for å styrke tilbodet til denne pasientgruppa i fylket. Spiseforstyrring er ei alvorleg psykisk liding som ofte oppstår i ungdomstida, og difor er familien særs viktig i behandlinga. Grunntanken er at familier hjelper familier.
- Ungdommar med spiseforstyrring treng familiane sine for å bli friske. Ofte er det både strevsamt, einsamt og altoppslukande å ha ei spiseforstyrring, og mange familiar kan oppleve seg isolert. Å møte familiar i samme situasjon for å dele erfaringar og gi kvarandre råd, åpnar ofte opp for nye løysingar, seier familieterapeut Kristin Silseth i avdeling for psykisk helsevern barn og unge i Molde.- Vi jobbar samla som gruppe, men deler også opp i mindre grupper som mammagruppe, pappagruppe, søskengruppe og ungdomsgruppe, seier Silseth.