Stengninga av døgntilbodet til barn i Kristiansund vil halde fram ut 2024

Helse Møre og Romsdal greier ikkje å gjenopne døgntilbodet til barn i Kristiansund i 2024.

Publisert 09.10.2024
Sist oppdatert 10.10.2024
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

- Vi arbeider vidare for å avklare ressurssituasjonen både på kort og lengre sikt, og vil komme tilbake med meir informasjon straks det er klart, uttalar klinikksjef Elisabeth Siebke.

Klinikk Ålesund har det faglege ansvaret for det somatiske spesialisthelsetilbodet til barn og unge i Helse Møre og Romsdal. 

Barneavdelinga i Kristiansund har dagtilbod fra 08 til 15 på kvardager, der dei kan ta imot augeblikkeleg hjelp og gjere vurderingar, samt drive poliklinikk og dagbehandling. 

Barn som treng innlegging i perioden, vil bli sendt til Ålesund sjukehus. 

Kontakt ved behov for innlegging

  • Fastlege/legevaktslege som vil legge inn ein pasient på barnemedisinsk avdeling skal som vanleg ta kontakt med AMK, som vidare kontaktar vakthavande lege ved aktuell avdeling. 
  • Kva sjukehus barnet/ungdommen leggast inn ved, vil avhenge både av kapasitet og behov for behandling.
  • HMR har gode rutinar i alle sjukehusa våre for å handtere akutt sjuke barn.
  • Vi har trygge rutinar ved stengt barneavdeling i Kristiansund, då avdelinga årleg har stengingsperiodar i ferie- og høgtider.

Bakgrunn

Avdelinga har sidan 8. mai 2024 vore stengt på grunn av mangel på legespesialistar og sjukepleiarar.