Tid og stad
Når
Kurset går ca. to gongar årleg over fire samlingar.
Type arrangement
Gruppeopplæring
Arrangør
BUP Kristiansund
Kvifor delta
Med kurset ønsker vi at du som ungdom skal få auka kunnskap om kva autisme/asperger syndrom er. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring både i heimen og i skolekvardagen.
Innhald
«Å lære om seg sjølv og sin diagnose»
- Bli kjent med kvarandre
- Korleis er vi like og alle er forskjellige?
- Meg som person og mine kjensler. Kva liker eg å gjere, kva er mine interesser?
- Funksjonshemming. Kva er Asperger syndrom/autisme?
- Kva er eg god på og kva treng eg hjelp/støtte til?
- På korleis måte er hjernen til ein med Asperger/autisme ulik frå andre, og kva er bra med det og kva kan vere vanskelig
- I tillegg kan du ta opp tema du ønsker
Praktiske opplysningar
3 - 4 kursdagar.
Vi brukar å invitere søsken og besteforeldre nokre gongar.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Ingen egenandel, kurset er gratis.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Støtteordninger for familier i barne- og ungdomspsykiatrien - St. Olavs hospital (stolav.no)