Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Feira at ny MR-maskin er på plass ved Kristiansund sjukehus

Onsdag 8.februar var det offisiell opning av den nye MR-maskina som blir ein viktig del av det framtidige pasienttilbodet ved SNR Kristiansund.

Publisert 09.02.2023
Sist oppdatert 29.08.2023
En gruppe mennesker som står foran en medisinsk maskin
Klinikksjef Per Erik Tødenes, fagradiograf Lisa Gjøen Sandnes, seksjonsleiar Vibeke Aandahl, avdelingssjef Odd Arne Haram og adm.direktør Øyvind Bakke
​- Med ny MR har radiologisk avdeling den mest moderne bildediagnostiske maskinparken i føretaket. Alt dette takka vere stor innsats frå våre fagfolk! Og fullt fortjent til eit dedikert fagmiljø som brenn for faget og pasientane, seier adm. direktør Øyvind Bakke

Vil hente heim pasientar

Med ein ny MR-maskin doblar ein kapasiteten ved sjukehuset. Totalt har ein no fire MR-maskinar i Nordmøre og Romsdal som sikrar eit godt tilbod og korte ventetider til befolkninga. Den nye MR-maskina skal brukast til undersøkingar innanfor ortopedi som kne, rygg, ankel og skulder, samt hovudundersøkingar. 

MR-maskin

Den nye MR-maskina

- Istadenfor at vi får utgiftar ved å sende pasientane frå oss, kan vi no gje dei eit tilbod her. Vi kan også tilby undersøkingar til pasientar utanfor fylket da vi har lågare ventetid enn andre, seier seksjonsleiar Vibeke Aandahl.

Investering for framtida

Dei siste tre års er det investert i to nye MR-maskinar og éin ny CT-maskin ved Kristiansund sjukehus. Maskinane blir ein viktig del av tilbodet ved SNR Kristiansund også etter at SNR på Hjelset står klart i 2025.  

- ​Dette er ein stor dag som er verdt å feire. Klinikken har investert over 60 millionar kroner ved Kristiansund sjukehus dei tre siste åra. Det har vore ein planlagt og strategisk satsing for helseføretaket og vi har hatt rom for å realisere dette grunna eit overskot i 2020 og 2021, seier klinikksjef Per Erik Tødenes

Markering for tilsette ved sjukehuset i Kristiansund

Stor betyding for fagmiljøet

Aandahl fortell at tilsette er stolte av nyinvesteringa og skryt av eit godt samarbeid med andre klinikkar i arbeidet med førebuingar, ombyggingsarbeid og innflytting av maskina.  

- Det å få inn ei ny MR-maskin har stor betyding ikkje berre for radiologisk avdeling, men for heile fagmiljøet ved sjukehuset. Vi skal fortsetje å utvikle tenestene og servicen vår, der vi skal bidra med forsking og leggje til rette for at andre kan drive med forsking, som igjen kan kome pasientane våre til gode, seier Aandahl.