Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En stor bygning med mange vinduer

Aktivitetar i SNR-prosjektet

Prosjektet er inne i ein travel periode med høg aktivitet på byggeplassen. Det pågår mellom anna omfattande arbeid knytt til innevendig arbeid, inkludert teknisk montasje. Ved det nye psykiatri- og habiliteringsbygget pågår det både arbeid med råbygget og innvendig arbeid.

Pågåande aktivitetar

Innvendig arbeid ved SNR Hjelset

Det er høg aktivitet på byggeplassen og det pågår mellom anna omfattande arbeid knytt til innevendig arbeid, inkludert teknisk montasje. Ved det nye psykiatri- og habiliteringsbygget pågår det både arbeid med både råbygg og innvendig arbeid. 

Et rom med vask og dør

Psykiatri- og habiliteringsbygget

Psykisk helsevern skal vere integrert med somatikken for å leggje til rette for god tverrfagleg samhandling. På Hjelset samlar ein også habiliteringstilbodet for vaksen og born med tilbod om diagnostikk, utgreiing og behandling. Det er planlagt innflytting i psykiatri- og habiliteringsbygget oktober 2024

En høy vinkelvisning av en bygning under bygging

Optimalisert forprosjekt for SNR Kristiansund

SNR Kristiansund skal ha eit breidt og godt tilbod innan poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Arbeidet med optimalisert forprosjekt for SNR Kristiansund pågår der ein skal plassere vedtekne funksjonar i bygget og rom for rom i planløysinga. Eit optimalisert forprosjekt blir lagt fram til styrebehandling i HMR i 2024.

HMR samarbeidar også med kommunane på Nordmøre gjennom DMS-prosjektet med ei samlokalisering av spesialisthelsetenester og kommunale tenester i dagens sjukehusbygg.

Omvising i ei av operasjonsstovene som skal vidareførast ved SNR Kristiansund
Les meir om DMS-prosjektet

Organisasjonsutvikling inn mot SNR

Nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) krev eit omfattande utviklingsarbeid for å tilpasse drifta til nye konsept, nye pasientforløp og arbeidsprosessar. For å kunne hente ut forventa faglege og driftsøkonomiske effektar av SNR, pågår det parallelt med bygginga eit omfattande organisasjonsutviklingsarbeid som skal sikre at tilsette kan utvikle ferdigheiter og kompetanse til å ta i bruk nye areal, ny logistikk og ny teknologi på ein god og effektiv måte.

 

En gruppe mennesker som poserer for et bilde


 


 

Tilbodskonkurransar for SNR
SNR-prosjektet har inngått 27 kontraktar knytt til bygginga av SNR Hjelset. Attståande kontraktar blir lyst ut i marknaden i 2024. Det gjeld entreprisane for SNR Kristiansund, samt helikopterlandingsplassen

Sjå oversikta over tilbodskonkurransane

DMS-prosjektet i Kristiansund
Som ein del av SNR-prosjektet skal det etablerast eit spesialisthelsetenestetilbod (SNR Kristiansund) ved eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Partane i prosjektet; Helse Møre og Romsdal, Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd og Kristiansund kommune jobbar saman med å konkretisere det framtidige pasienttilbodet i Kristiansund.

Les meir om DMS-prosjektet 


Oppdrag som er ferdigstilt

Råbygg for psykiatri- og habiliteringsbygget
Seinhausten 2024 blei råbygget ferdig. Åsen & Øvrelid AS har oppdraget både med råbygg og innvendig arbeid

Råbygg for somatikkbygg SNR Hjelset
Våren 2023 blei råbygget for somatikkbygget ferdig. HENT AS hadde oppdraget med råbygget.

Teknisk sentral for SNR Hjelset
Våren 2022 blei råbygget for den tekniske sentralen ferdigstilt. Bygget skal huse tekniske innstallasjonar som skal sørge for energiforsyning til sjukehuset og det er Angvik Grytnes AS som hadde oppdraget med råbygget.

Nedlegging av grunnstein og byggestart for SNR
19. juni la statsminister Erna Solberg ned grunnsteinen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Markeringa var også byggestarten for SNR.

Bygging av to nye bruer på Hjelset
Veidekke Entreprenør AS hadde oppdraget med å prosjektere og byggje to nye bruer, samt tilhøyrande veg på Hjelset.  Veidekke ferdigstilte arbeidet med asfaltering av og gang- og sykkelbrua og vegbrua i juni 2021. Vegbrua blir berre tilgjengeleg for anleggstrafikk fram til ny tilkomstveg mot E39 står klar.

Førebuande arbeid på Hjelset
Frå 14. desember 2020 til mars 2021 gjennomførte Skanska Norge AS førebuande arbeid på sjukehustomta. Arbeidet innebar mellom anna etablering av parkeringsplassar og anleggsvegar, arbeid med infrastruktur, samt klargjering for kontorrigg og bustadrigg. 

Samhandlingsfase for å vidareutvikle akuttsjukehuset på Hjelset
I oktober 2020 inngjekk HMR kontrakt med Skanska Norge AS. Gjennom 2021 jobba prosjektorganisasjonen saman med Skanska, Cowi, Arkitema/Ratio og Bravida gjennom ein samhandlingsfasen og eit funksjonsprosjektet for å vidareutvikle prosjektet, redusere kostandane ned mot styringsramma og kvalitetssikre og detaljere løysingar for akuttsjukehuset. Målet var at HMR og Skanska skulle inngå ein gjennomføringsavtale før jul 2020, men partane blei ikkje einige om ein tilbodspris for prosjektet. 21. januar 2021 vedtok styret i HMR å avbestille resterande arbeid i kontrakten med Skanska. 

Ombygging av Strandheim
Bygget som i dag fungerar som prosjektkontor for SNR-prosjektet vil i framtida vere eit administrasjonsbygg for Helse Møre og Romsdal. Bygget er blitt rehablitert og modernisert for å vere tilpassa framtidig bruk. Røberg Bygg AS hadde ansvaret for oppdraget som blei avslutta i mai 2019.

Infrastrukturentreprisen, del 1
Arbeidet med ny infrastruktur blei avslutta i desember 2018 og blei gjennomført av Romsdal Anlegg AS. Opdølvegen er rusta opp og gang- og sykkelvegar er etablert. Det er også lagt opp nye rør vannforsyning, avløpsanlegg, og det er lagt til rette for framtidig forsyning av straum og data.

Riveentreprisen
Rivearbeidet på sjukehustomta blei avslutta 29.mai. 2018. AF Decom hadde ansvar for gjennomføringa og 20 ulike bygg og konstruksjonar blei fjerna frå tomta. Arbeidet innebar miljøsanering, riving og sluttdisponering av riveavfall.

Kontakt oss:
Har du spørsmål, eller ønskjer du meir informasjon så send e-post til: prosjekt.snr@helse-mr.no 

Sist oppdatert 09.04.2024