Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Konseptfasen

I denne fasen har vi valt mellom dei mest aktuelle konsepta for nytt sjukehus og peikt på eitt av dei.

For å få til dette er dei ulike alternativa greidd ut i detalj og på ein likeverdig måte slik at ein kan velje reelt mellom dei. Basert på det ein veit om framtidige behov har vi gått inn i ulike problemstillingar:

  • Korleis kan ein løyse funksjonane i eit nytt bygg?
  • Korleis bør logistikken vere?
  • Kva koster det å drive sjukehuset?

Dette er berekna nøye, ned til om lag kor mange rom ein treng og kva storleik ein bør leggje til grunn. Deretter byrja arkitektane å lage skisser som viser korleis driftsmodellane kan sjå ut som ferdige bygg. Det er rekna ut samla prosjektkostnad og helseføretaket si evne til å bere kostnaden er vurdert. Eit eksternt miljø er leigd inn til å kvalitetssikre om alternativa er greidd ut på ein likeverdig måte. Grunnlaget frå konseptfasen danna grunnlag for adm.dir si innstilling til vedtak i koseptfasen. Konseptrapporten blei vedteke i styret i Helse Møre og Romsdal 25. november 2016, og i styret i Helse Midt-Norge 8. desember 2016.

Konseptrapporten med delutgreiingar

Høyring konseptrapporten Sjukehuset Nordmøre og Romsdal​

Neste fase: Forprosjektfasen

Sist oppdatert 29.03.2023