Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opplæringsfilm skal gi den gode pasientsamtalen

– Ei diagnose fortel ikkje aleine kva som er viktig for ein pasient. Ein god og riktig dialog betyr meir for å gi betre mestring av sjukdom og tryggheit, seier Britt Valderhaug Tyrholm i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 21.09.2020
Teamet bak filmen. F.v.: Torill Aarskog Skorpen, Daniel Ask og Britt Valderhaug Tyrholm

​Helse Møre og Romsdal og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester har laga ein film som skal gi helsepersonell gode tips til den viktige pasientsamtalen. Filmen er eit resultat av erfaringar helseføretaket og kommunane har fått gjennom å arrangere ein årleg «kva er viktig for deg? – dag»

- Forsking og våre erfaringar syner at god brukarmedverking har mange positive effektar, som betre samhandling mellom helsepersonell og pasientar, meir fornøgde pasientar, betre mestring av sjukdom, og auka tryggheit for pasienten, seier Daniel Ask, som er medlem av Brukarutvalet til Helse Møre og Romsdal, og som også spelar ei av hovudrollene i filmen.

Kva er viktig for pasienten?

Filmen viser to former for dialog mellom ein sjukepleiar og ein pasient der formålet er finne ut kva som er viktig for pasienten i møte med helsetenesta.

- Filmen sitt bodskap er å tydeliggjere at «kva er viktig for deg?» ikkje berre er eit spørsmål. Det skal vere berande tema i ein samtale mellom ein pasient og ein behandlar når ein skal planlegge tenester/helsetilbod i lag med pasienten, seier rådgivar Torill Aarskog Skorpen ved Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Møre og Romsdal.

Gode råd til den viktige samtalen

«Kva er viktig for deg? - dagen» har blitt arrangert i fleire år i helsetenestene i Møre og Romsdal. Både i kommunane og i helseføretaket. I år vart dagen markert med eit webinar i samarbeid med Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester med innleiarar frå brukarar, pårørande, forsking og helsepersonell.

- I tilknyting til webinaret laga vi ei spørjeundersøking. Den avdekte at vi treng meir innsikt i korleis vi snakkar med pasienten rundt temaet: «Kva som er viktig for deg?». Filmen vi no har laga håpar vi skal gi helsepersonell svara på det, oppsummerer Britt Valderhaug Tyrholm.

Sjå filmen her