Diagnosen blir stilt ved legeundersøking. Ofte kan vi stille diagnosen ut frå sjukehistoria di og korleis huda ser ut. Første gong du kjem vil vi vurdere kva behandling som er passande i kvart tilfelle. Dersom ein kjem fram til at kirurgisk behandling er anbefalt vil du bli sett opp til ny time for det.
Svettekjertelbetennelse, Kristiansund sjukehus
Sveittekjertelbetennelse, også kalla hidradenitis suppurativa eller hidrosadenitt, er ein kronisk betennelse i hårsekker. Den finst oftast i lyske og i armholer. Betennelsen kan også finnast rundt kjønnsorgan og endetarmsopninga.
Symptom
Betennelsen artar seg i form av smertefulle knutar og byllar til dei aktuelle områda. For nokon vil enkeltforandringar forsvinne spontant utan å komme tilbake. Hos andre kan forandringane komme tilbake på same stad igjen og igjen. Det heiter da residiverande cystar/abscessar, og kan utvikle ganger i hud, såkalla fistlar.
Sjukdommen kjem ikkje av ein infeksjon, og bakterieprøver er ofte negative. Bakteriar kan likevel bidra til forverring av tilstanden, dette blir kalla ein sekundærinfeksjon.
I enkelte familiar er fleire ramma av denne sjukdommen, og det er sannsynleg at sjukdommen kan arvast.
Tilvising og vurdering
Du blir tilvist for vurdering og behandling frå fastlege eller spesialist.
Utgreiing
Behandling
Vi vurderer kva behandling som er best for deg ut frå alvorsgrada og forløpet til sjukdommen.
Behandling med antibakterielle legemiddel (antibiotika) kan nyttast for milde til moderate plager. Legemidla kan givast som liniment – eit flytande middel som blir smurt på huda, eller som tablettar.
Kortison kan redusere plagene ved enkeltståande byllar. Kortison blir da sett inn i byllen med ei sprøyte (injeksjon).
Kirurgisk behandling går ut på å opne opp byllane og gangene og tømme desse for puss. Som oftast blir ikkje operasjonssåra lukka, men vi lèt dei gro frå botnen av. Ved større kirurgi kan all betent hud fjernast. Operasjonar blir gjorde enten i lokalanestesi eller i narkose ut i alvorsgrada av sjukdommar.
For dei som har ein alvorleg sjukdom kan det vere aktuelt å gi spesielle typar antibiotika over fleire månader. Immundempande behandling som blir gitt som sprøytar eller infusjon inn i blodårane, kan også vere aktuelt å tilby for dei som har alvorleg sjukdom.
Om du røyker, kan du førebygge nye byllar ved å slutte. For nokon kan det hjelpe å gå ned i vekt.
Sjukdommen er kronisk. Den medisinske behandlinga har som mål å halde sjukdommen i sjakk, men vi kan ikkje heile sjukdommen. Nokon opplever at kirurgisk behandling gir ein meir varig effekt.
Kirurgiske inngrep
Dei fleste kirurgiske inngrep mot hidradenitis suppurativa blir utførte i lokalbedøving. Med mindre anna er avtalt, treng du ikkje faste før operasjon.
Fjerning av ringer/smykke/piercing må gjerast før du kjem. Er dei vanskelege å få fjerna kan du risikere at dei blir klipte. Det er lurt å bruke litt tid på dette før timen.
Kjøp gjerne inn bandasjemateriell i forkant av operasjon, slik at du har det klart.
Barbering av operasjonsfeltet blir gjord på sjukehuset.
Informasjon om kirurgi i lokalanestesi
I praksis består operasjonen av å fjerne dei betente hudområda, enten med kniv, saks eller med laser. I enkelte alvorlege tilfelle kan det vere nødvendig med operasjon med narkose.
Såret vil, etter operasjon, vanlegvis bli lagt ope for å gro frå botnen av. Unntaksvis blir såret lukka direkte.
Det er stor variasjon i størrelsen på operasjonane og størrelse på sår avheng av kor store område som må fjernast. Du får nærare informasjon frå legen din.
Oppfølging
Etter operasjonen blir sårområda bandasjerte. Du får god informasjon om prosedyre for sårstell, som du i hovudsak utfører sjølv vidare.
Dei første vekene etter operasjonen skal du bruke tjukk skumbandasje utan limekant, for eksempel Mepilex. Den absorberer godt væske frå sårflater. Du kjøper sårplater på apotek som blir klipte til når du skifter på såra.
Kor fort såret gror, avheng av størrelse og kor såret er, men det vil alltid ta fleire veker før det er heilt lukka. Dersom du ikkje røyker dei siste 6 veker før operasjon og dei første 6 vekene etter operasjon, gror såret raskare.
Du må sjølv dekke utgifter til bandasjemateriell. Ta vare på kvitteringar fordi du får refundert 90 % av utgiftene dersom dei går ut over eigendelen.
Kontroll
Etter operasjon er det vanleg med kontroll hos lege på sjukehuset.
Sjukmelding
Alle må vente å bli sjukmeldt i minimum éi veke. Kor lenge du blir sjukmeldt avheng av kor omfattande inngrepet er.
Ver merksam
Ta kontakt med sjukehuset ved mykje bløding, væsking eller smerter utover det som er venta. Ta også kontakt med sjukehuset ved feber eller frysningar.
Kontakt
SNR Kristiansund
Hudpoliklinikken SNR Kristiansund
Oppmøtestad
Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.
Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.

SNR Kristiansund
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund


