Dine rettar, val og moglegheiter
Som pasient har du mange rettar. Desse er i hovudsak regulert av Pasient- og brukerrettighetsloven, som skal sikre at pasientar og brukarar får lik tilgang på helse- og omsorgstenester.
Rettigheter og tilbud til pasienter og pårørende Helse Midt-Norge (8,25 min). Filmen er laga av Høgskulen i Volda i samarbeid med sosionomer og regional ressurs for pasient og pårørendeopplæring i Helse Midt-Norge.
- Barn og unge har rett til å medverke
FNs barnekonvensjon sikrar barn og unge grunnleggande rettar i møtet med tenesteapparatet. Desse rettane er også forankra i Grunnlovas § 104.
- Samval
Som pasient har du rett til å ta del i val som gjeld både utgreiing, behandling og oppfølging. Samval skal sikre at du får tilstrekkeleg, presis og relevant informasjon om kva du kan forvente av behandlingsalternativa.
- Ekspertpanelet gir råd ved alvorleg livsforkortande sjukdom
Ekspertpanelet skal hjelpe dei aller sjukaste pasientane med kort tid igjen å leve. Desse pasientane kan få ei ny og grundig vurdering av behandlingsmoglegheitene sine, etter at all etablert behandling er prøvd.
- Rettar ved fristbrot
Når du har fått ein frist for helsehjelp og ikkje mottatt helsehjelpa innan denne fristen, har du rett til å få eit anna behandlingstilbod.
- Eigenandel og frikort
Du får dekt delar av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar, får du frikort for helsetenester.
- Klage og erstatning
Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har mottatt dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan også ha klagerett.