Kontakt oss

Sentralbord Sunnmøre:  70 10 50 00 Sentralbord Nordmøre og Romsdal:  71 12 00 00

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med den avdelinga du har time hos. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturert. 

Søk etter avdeling

E-p​​ost

postmottak@helse-mr.no​. Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.

Postadress​​e

Helse Møre og Romsdal, Postboks 1600, 6026 Ålesund

Send post til Helse Møre og Romsdal på en sikker måte med eDialog.
Helse Møre og Romsdal (HMR) har tatt i bruk tenesta eDialog, så no kan både verksemder og privatpersonar sende brev og dokument via ein sikker kanal. 
 
Ettersom forsendinga blir kryptert, kan også konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt sendast via eDialog. 
 
Vi oppfordrar både privatpersonar og verksemder å bruke eDialog for å sende dokument til oss på ein rask og sikker måte. 
 

Slik logger du inn via eDialog 

  • ​Logg inn via eDialog ved å trykke på denne lenka: https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/997005562 
    For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m) 
  • Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og laster opp dokumenta du vil sende til oss

Du skal ikkje benytte eDialog dersom: 

  • Vi har eigne elektroniske skjema til formålet.
  • Posten ikkje inneheld pasientretta eller sensitive opplysningar. Då kan du sende e-post til postmottak@helse-mr.no​ 

Slik fyller du ut sk​jemaet

  • ​​Velg om du er privatperson/innbyggar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer). 
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne). 
  • Tittel: Her skriv du kva sendinga di gjeld/overskrift.  
  • Kommentar: Her gir du ei meir utfyllande skildring av sendinga di.  
  • Husk å laste opp relevante vedlegg i PDF-format. 
  • Klikk på "Send forsendelse" -  Sendinga blir kryptert og sendt direkte til sak-/arkivsystemet vårt.  
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks). 
 

Slik kan du gjere om eit dokument​ til PDF-format 

For Word-dokument velger du "Lagre som" og deretter filtype PDF. 
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF". 
 

No får du digit​​al post fra oss! 

Helse Møre og Romsdal har tatt i bruk eFormidling og sender no post digitalt til privatpersonar og verksemder. Privatpersonar vil få post frå oss i den digitale postkassa dei har valgt (Digipost eller e-Boks). Når post blir mottatt digitalt, vil det bli sendt ut varsel, enten via SMS, e-post eller i «appen». Dei som ikkje har ei digital postkasse, mottar breva via vanleg postgang. Husk at kvar enkelt brukar av Digipost må sjøv velge korleis dei vil bli varsla. Dette gjer du i innstillingane i Digipost.   
 
Verksemder mottar post frå oss digitalt i Altinn, kor alle verksemder har ein «innboks». Når post kjem via Altinn, blir det sendt eit varsel, enten via SMS eller e-post, til dei varslingspunkta verksemda sjølv har meldt inn.  
 

Kvifor digital p​​​ost? 

Fordelene ved å få post digitalt er mange: 
  • ​Rask ekspedisjonstid – mottaker får posten med ein gong  
  • Mottaker har tilgang til posten overalt 
  • Det er sikrare fordi sendinga blir kryptert 
  • Det sparar miljøet ved mindre bruk av papir og mindre transport 

​​

Postboks 1600
6026 Ålesund

Besøksadresse: Åsehaugen 5

Telefon: ​ 70 10 50 00
Telefaks: 70 10 53 18

Parkvegen 84
6412 Molde

Besøksadresse: Parkvn. 84

Telefon:  71 12 00 00
Telefaks: 71 12 00 35

Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Besøksadresse: Herman Døhlens vei 1

Telefon:  71 12 00 00
Telefaks: 71 12 11 11

Kløvertunvegen 1
Pb. 113
6101 Volda

Besøksadresse: Kløvertunvegen 1

Telefon:  70 05 82 00
Telefaks: 70 07 81 16

Du har rett til å klage til helseføretaket og Fylkesmannen dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har motteke dei helse- eller omsorgstenestane du har krav på. Lova skal sikre at alle har tilgang på nødvendige helsetenester, og at desse er av forsvarleg kvalitet. 

Meir informasjon og skjema for å sende inn ein klage finn du her

Kursinvitasjonar kan du sende til vårt felles postmottak postmottak@helse-mr.no​
Helse Møre og Romsdal deler kursinvitasjonar frå eksterne vidare på vår intranettside for tilsette. 


Kommunikasjonsavdelinga tek imot førespurnadar frå media og hjelper til med den vidare kontakten til leiarar og fagpersonar ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Dette gjer vi for å sikre at informasjonen som går ut frå føretalet er oppdatert og korrekt. 

Mediekontakt i Helse Møre og Romsdal​​

Vi ønsker elektroniske faktura (EHF-faktura) frå alle våre leverandørar.

Vi ber om at faktura blir merka med namn på bestillar/rekvirent, i tillegg til kva klinikk/avdeling/seksjon fakturaen gjeld.

I referansefeltet skal det kun stå RESH-nummeret. 

Informasjon om EHF-faktura (helse-midt.no) 

Vi ønsker helst elektronisk faktura (EHF-faktura) frå alle våre leverandørar.

Vi ber om at faktura blir merka med namn til bestiller/rekvirent, i tillegg til kva klinikk/avdeling/eining fakturaen gjeld.

I referansefeltet skal det kun stå RESH-nummeret. 

Helse Møre og Romsdal sitt organisasjonsnummer: 997 005 562

fakturamottak.fakturamottak@helse-mr.no

Helse Møre og Romsdal HF
Fakturamottak
Postboks 2620
6405 Molde


 

For leveranser av pasientreisetenester er fakturaadressa: 

Helse Møre og Romsdal HF
Pasientreiser i Møre og Romsdal
6026 ÅLESUND

 

 

Sist oppdatert 11.08.2023