242 treff
- AbortI Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.
- AbstinensbehandlingAbstinensbehandling blir gitt etter individuelle behov, der vi prøver å kartlegge og bevisstgjere deg på dine abstinenssymptom. Auka bevisstheit og forståing kan dempe ubehaget. Både medikamentelle og ikkje-medikamentelle hjelpemiddel kan vere aktuelle.
- ADHD hos barn og ungeVed mistanke om ADHD hos deg som er barn/ungdom, kan foreldre/føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesjukepleiar eller fastlegen. Eller desse tek kontakt med foreldre/føresette ved mistanke om ADHD. Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til kommunale tenester, som til dømes PPT eller fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta.
- AkneAkne (kviser) er ein vanleg hudsjukdom, særleg i ungdomsår. Lett til moderat akne blir behandla av fastlege, først og fremst med lokale midlar som påsmøres huda direkte, evt. med tablettkurer (antibiotika). Dette gjeld dei fleste pasientane med akne.
- Allergi hos barn og ungeDet finst mange typar allergi som inneber at immunforsvaret til kroppen reagerer på naturlege og i utgangspunktet ufarlege stoff. Når du kjem til vår avdeling vil du først få ei grundig utgreiing omkring kva slags allergiske plager du har. Etter at dette er kartlagt kan vi starte behandlinga for å redusere, eller dersom mogleg, fjerne plagene.
- Allergivaksinering av barn og ungdom ved Ålesund sjukehusAllergivaksinering blir og kalla hyposensibilisering eller spesifikk immunterapi. Dette er aktuelt ved kraftig allergi, særleg mot pollen og bie- og vepsegift, men unntaksvis også mot dyrehår eller husstøvmidd.
- AmmingInformasjon om ammestart og ammeråd som kan vere nyttige den første tida etter at barnet ditt er fødd.
- Angiografi, ÅlesundFluoresceinangiografi er ein metode for å undersøke blodsirkulasjonen i netthinna. Eit gult fargestoff (fluorescein) blir sprøyta inn i ein blodåre slik at vi kan følgje fargestoffet i blodkaret til netthinna ved hjelp av fotografi. Metoden blir brukt i diagnostisering av netthinnelidingar.
- Angst hos barn og ungdomAngst er ein følelse av uro, spentheit og nagande forventning om at noke farleg kan hende, eller ein stor fryktreaksjon på ei hending. Angst kan også prege barn/unge i ei slik grad at det er nødvendig med oppfylging av helsevesenet.
- Ankelartrodese/subtalartrodeseSykdommer som har ødelagt store deler av ankelleddet eller subtalarleddet (under ankelleddet) behandles oftest med artrodeser (avstivning). Resterende brusk fjernes og det ødelagte leddet blir stivet av. Oftest er dette leddet nærmest stivt allerede slik at man mister lite bevegelse. Målet med operasjonen er å fjerne smerten fra leddet. Det skjer ved selve artrodesen, det vil si at leddet gror sammen og blir borte. Det blir ofte brukt skruer for å få det til å gro sammen, eventuelt supplert med en plate.
- Antibiotikabehandling heimeEnkelte infeksjonssjukdommar krev antibiotikabehandling i fleire veker. Ein berebar infusjonspumpe som kan gi antibiotika 24 timar i døgnet gir deg moglegheit til å fullføre antibiotikabehandling heime.
- ApnéskinneApnéskinne består av ein plastgomme tilpassa tennene både i over- og underkjeven. Det er eit sambands-stag mellom plastgommane, som bidreg til å halda underkjeven stabiliserte i noko framskoven posisjon under søvn. Då unngår ein at underkjeven sig ned og bakover, og sikrar dermed luftpassasjen bak tunga og gjennom nedre del av svelget når ein søv.
- Arbeids-Ekg ved Ålesund sjukehusArbeids-Ekg gjev informasjon om hjartefunksjonen under belastning.
- Arbeidsretta rehabilitering (ARR)Arbeidsretta rehabilitering er eit tilbod til personar med muskel- og skjelettlidingar og sammensatte lidingar, som står i fare for å bli eller er sjukemeldt frå jobb eller studiar. Tilbodet er gruppebasert, men individuelt tilrettelagd til kvar enkelt. Eit av måla er at deltakarane skal komme seg heilt eller delvis ut i arbeidslivet igjen, og det er vesentleg at du er motivert for dette. Tilbodet egner seg ikkje for personar med pågåande alvorleg psykisk lidelse og/eller rusavhengighet.
- Arteriell blodgassArteriell blodgass er ei blodprøve blir brukt til å vurdere lungefunksjonen og balansen mellom oksygen og kulldioksid i blodet. Blodprøver blir vanlegvis tatt frå ei vene. Denne typen blodprøve er litt spesiell fordi vi må ta blod fra ei arterie (pulsåre). Oftast tek vi blodprøva frå pulsåra som ligg i handleddet.
- Asperger syndrom hos barn og ungdomNokre menneske strever frå dei er små med å forstå korleis dei skal vere saman med andre. Dei kan også vere svært oppteken av spesielle ting, og har vanskar med endringar i rutinar. Asperger syndrom er ei funksjonsnedsetting som kjem av medfødd utviklingsforstyrring, og kjenneteikna er vanskar med gjensidig kommunikasjon, sårbarheit ved sosialt samspel og organisering av livet.
- Atferdsvanskar hos barn og ungdomÅtferdsvanskar eller åtferdsforstyrringar hos barn og ungdom har kjenneteikn med ulike former for regelbrytande eller utagerande framferd. Åtferda blir gjentatt over tid og er tydeleg utanfor det som blir vurdert som sosialt akseptabelt. Omgrepet antisosial åtferd blir brukt dersom denne framferda er av svært alvorleg art.
- Atopisk eksemAtopisk eksem er den vanlegaste eksemforma hos barn og kan ramme opp til 20 prosent av barn i førskulealder. Dei fleste får symptom på hudsjukdommen før fylte to år, mange får plager allereie i spedbarnsalder. Mange blir kvitt plagene før dei blir vaksne. Hos enkelte blussar sjukdommen opp igjen i tenåra. Enkelte vil ha eksemplager livet ut. Personar som har hatt atopisk eksem som barn er spesielt utsette for å få handeksem som vaksne.
- AugedryppingDet er fleire grunnar til ein må bruke augedropar, for eksempel grøn stær, drypping etter operasjon eller infeksjonar. Augedropane er på lik linje med annan medisin og du skal nytta dei slik legen har gitt beskjed om.
- Autisme hos barnAutisme er ei alvorleg og omfattande funksjonshemming som oftast opptrer før barnet er tre år. Variasjonen innan autismespektertilstander er stor. Symptoma kan opptre ulikt.
- AvrusingAvrusing på institusjon bør vurderast når eitt eller fleire av følgjande forhold er til stades: Avhengnad av fleire rusmiddel, injeksjonsbruk, omfattande blandingsmisbruk av fleire rusmiddel, tidlegare komplikasjonar ved avrusing og kompliserande tilstandar (som graviditet).
- Avrusing frå alkohol ved Ålesund behandlingssenterAvrusning frå alkohol bør skje på institusjon når det er fare for alvorlege avrusingsreaksjonar, når du tidlegare har hatt delirium tremens (akutt forvirring utløyst av alkoholabstinens) eller abstinenskramper. Det er også tilrådeleg viss du har samtidige alvorlege somatiske eller psykiske helseproblem, andre kompliserande tilstandar (som graviditet) og viss du har avhengigheit av fleire rusmiddel eller blandingsmisbruk.
- Avrusing frå benzodiazepiner ved Ålesund behandlingssenterAvrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved benzodiazepinavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.
- Avrusing frå opioider ved Ålesund behandlingssenterPersonar som ønsker avrusing av opioider bør innleggast på institusjon etter anbefaling frå helsedirektoratet sine retningsliner for avrusing. Opioider er her brukt som felles nemning på preparat/rusmiddel som for eksempel heroin, morfin, metadon og buprenorfin.
- Behandling av solskada hudDagslys-PDT (fotodynamisk behandling) er ei ikkje-kirurgisk behandling av solskada hud. Målet med behandlinga er å øydelegge solskada hudceller.
- Behandling med våtbandasje (wet wraps)Våtbandasje kan bli brukt ved eksem og kløe. Behandlinga er vanlegast på barn, men kan også bli brukt på vaksne.
- Behovsstyrt oppfølging av pasienter med IBDPasientar som får oppfølging for IBD, ved poliklinikk for mage/tarmsjukdommar i Ålesund, kan få høve til å registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved innlogging på ein digital nettportal. Slik kan ein i større grad medverke i oppfølginga si.
- Behovsstyrt oppfølging for pasientar med diabetes type 1Pasientar som får oppfølging for diabetes type 1 kan få høve til å registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved innlogging på ein digital nettportal. Slik kan ein i større grad medverka i oppfølginga si.
- Beinskjørheit (osteoporose)Osteoporose er mest vanleg hos personar over 50 år. Diagnosen kan stillast ved at ein har hatt eit lågenergibrot (brot etter fall frå eiga høgde som ikkje hadde gitt brot hos beinfriske), eller ved ein kombinasjon av lågenergibrot og låg beintettleik målt med DXA-teknikk (dual-energy X-ray absorptiometry, DXA). Behandling av osteoporose kan starte hos fastlege eller hos sjukehuslege. Nokre pasientar blir tilvist til vurdering hos spesialist fordi det kan vere mistanke om bakenforliggande sjukdommar eller kompliserande forhold.
- BiopsiVevsprøve inneber at ein tek ut ein liten bit vev for å kartlegge ein diagnose. Dette kan utførast ved bruk av hjelpemiddel som CT, ultralyd eller gjennomlysing. Undersøkinga føregår ved at ei nål blir stukke gjennom huda.
- BlodgivingBlod er eit levande materiale og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ein ikkje framstille det kunstig – det må bli gitt. Blodet blir brukt til mange type pasientar og behandlingar, for eksempel ved kreftbehandling, operasjonar, ulykker, svangerskap og fødsel. Det finst inga erstatning for blod og mange pasientar er derfor heilt avhengige av at nokon gir blod.
- BlodprøveVed blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Ei blodprøve blir tatt for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.
- BlodtrykksbehandlingI akutt fase ved hjerneslag vil blodtrykket vere høgare enn vanleg. Det kan vere behov for å senke blodtrykket med medisinar. Blodtrykksverdiane for når behandlinga blir starta er ulik frå hjerneblødning, hjerneinfarkt, og om du får trombolyse.
- BlodtrykksmålingBlodtrykket ditt blir som regel målt når du blir innlagt på sjukehus. Sjukdommen du har og kva du som skal bli behandla påverkar kor ofte blodtrykket ditt blir målt.
- Blodtrykksmåling av barnNår du kjenner på din eigen puls med ein finger, til dømes på handleddet, kjenner du at det dunkar lett mot fingeren. Det du kjenner er blodtrykket når blodet trykker mot blodåreveggen. Blodtrykket er det trykket som blodet utøver mot veggen i blodårene, når det strøymer gjennom desse. Med blodtrykket meiner vi som regel det arterielle blodtrykket, altså det blodtrykket som blir målt i arteriene (pulsårene). Det er dette blodtrykket som blir målt på sjukehuset.
- Blodtrykksregistrering i 24 timar24-timars blodtrykksregistrering er ein metode der blodtrykket ditt blir målt mens du er i normal aktivitet.
- Blærekreftoperasjon (TUR-B), KristiansundOperasjon ved påvist blærekreft. Opersjonen blir utført i spinalbedøving eller narkose.
- Botoxbehandling ved spastisk dysfoni (stemmeband)Stemmelidinga spastisk dysfoni er ukontrollerte spasmer (kramper) i stemmebandsmuskulaturen. Pasientar med spastisk dysfoni får hakkete, pressa stemme. Årsaken til spastisk dysfoni er ukjent. Injeksjon med Botulinumtoxin (Botox) i stemmebandsmuskulaturen har ofte god effekt ved denne tilstanden.
- Brudd i kne, KristiansundKneleddet er eit av dei store ledda i kroppen og skal tåle mykje belastning. For at kneet skal fungere best mogleg etter eit brot, er det viktig at leddflata som har vore involvert i brotet blir sett korrekt på plass og fiksert. Brot i kneet kan omfatte lårbein, leggbein og kneskål.
- Brudd i legg, KristiansundDei to knoklane i leggen kan brekke viss noko treff med stor kraft, men også ved kraftig rotasjon. Dei kan brekke kvar for seg eller samtidig og på ulike stader. Dei fleste leggbrot skjer under fysisk aktivitet eller trafikkulukker.
- Brukertest på hud ved allergi, Kristiansund sjukehusUndersøkinga blir nytta der det er mistanke om kontaktallergi mot produkt som kosmetikk, kremar og legemiddel til bruk på huda. Brukartest kan berre bli utført med produkt som er meint å ligge på huda over tid. Dersom du testar produkt som ikkje er meint å ligge på huda over tid, kan det oppstå hudirritasjon og eventuelt etseskade.
- BrystkreftBrystkreft er vondarta forandringar som oppstår i brystkjertelvevet. Det er den mest hyppige krefttypen hos kvinner. Nesten alle brystkreftsvulstar kan fjernast, og operasjon er den primære behandlingsmetoden for dette. Nokre gongar er det formålstenleg å gi medisinsk behandling for å minske svulsten før operasjon.
- Bryststimulering og handmjølking før fødselBryststimulering og handmjølking før fødselen kan gje fleire positive resultat. Det kan gjere at mjølkeproduksjonen kjem tidlegare i gong, og at du blir trygg på korleis brystet og mjølkeproduksjonen fungerer. Ferdig handmjølka råmjølk kan også vere eit viktig tilskott i barnet sitt første levedøgn, kor mjølkeproduksjonen ikkje er i gong for fullt.
- CellegiftbehandlingCellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisinar som brukast for å behandle sjølve kreftsjukdommen. Cellegift øydelegg kreftcellene. Også friske celler blir skada, derfor opplever mange ulike biverknadar av cellegift.
- CPAP-behandlingFor mange pasientar med pustestopp under søvn (søvnapne), er dette skylda dette trange luftvegar i nase og svelg (obstruktiv søvnapne/OSA). Den mest effektive behandlinga er PAP/CPAP levert av ein kompressor kopla til nase/ansikt med ein maske og luftslange. Det positive lufttrykket når frem til svelget og held luftvegane opne gjennom natta. Behandlinga krev eigeninnsats for å etablere gode vaner. Dette inneber dagleg påmontering og reingjering av utstyret. Mange treng fleire veker for å bli komfortable med behandlinga.
- Crohns sjukdom ved Ålesund sjukehusCrohns sjukdom er ein kronisk tarmsjukdom som kan gi alvorlege komplikasjonar. Legemiddel kan halde symptoma i sjakk, men mange treng kirurgisk behandling.
- CT av hovudetCT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.
- CT av lungeneCT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.
-1
Side1av 6
3