Videopresentasjonar frå Ålesund sjukehus
Vi har laga ein pakke med videoar til deg som har slitt med artroseskade og treng ein kneprotese eller ein hofteprotese. Her forklarar vi kva de skal gjennom frå innleggelse til utskriving.
Ein kneproteseoperasjon kan vere aktuelt ved slitasjegikt (artrose) i kneet, brotskadar, medfødde skadar eller andre forandringar i kneet. Det øydelagde og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese.
Vi har laga ein pakke med videoar til deg som har slitt med artroseskade og treng ein kneprotese eller ein hofteprotese. Her forklarar vi kva de skal gjennom frå innleggelse til utskriving.
Kneprotesar finst som delprotesar (unikondylære proteser) og totalprotesar. Ved totalprotesar blir heile enden av lårbeinet (femur) og leggbeinet (tibia) bytt ut. Ved delprotesar er det berre innsida (medialt) eller kun utsida (lateralt) eller kun leddet mellom kneskåla og lårbeidet som blir erstatta av ein protese.
Ortopeden tar stilling til kva type protese som eignar seg best for deg.
Ventetid: 10 - 68 uker
Kontakt Ortopedisk og revmatologisk sengepost ÅlesundÅsehaugen 5