Forskingsnyheiter
Forsking: Avføring effektiv som akutt behandling mot tarminfeksjon
Ålesund sjukehus er med i ein ny nasjonal studie som viser at avføring frå friske personar er minst like effektivt som antibiotika til å behandle alvorleg tarminfeksjon.

Funna frå COLONIZe-studien er no publisert i det verdsleiande tidsskriftet Annals of Internal Medicine.
Overlege og professor Dag Arne Lihaug Hoff, er lokal koordinator i Helse Møre og Romsdal, og hovudutprøvar ved Ålesund sjukehus. Han har vore med på å skrive artikkelen.
I den kan ein lese om korleis forskarar har undersøkt effekten av tarmflorabehandling mot alvorleg diaré som følge av tarminfeksjon med bakterien Clostridioides difficile (kortform: C. difficile). Om lag 3000 personar blir ramma av infeksjon frå denne bakterien kvart år, og sjukdomen er blant dei vanlegaste sjukehusinfeksjonane i verda.
Antibiotika blir i dag brukt som standardbehandling, men rundt éin av fire pasientar opplever vedvarande symptom eller tilbakefall av infeksjonen. I tillegg er antibiotikabehandling dyrt, og kan fremje antibiotikaresistens, i følgje artikkelforfattarane.
Kva er tarmflorabehandling?

I COLONIZe-studien har forskarar sett om tilførsel av tarmbakteriar frå ein frisk person er meir effektivt enn antibiotika til å behandle og førebygge nye infeksjonar med C. difficile.
Ved tidligare studiar har pasientane fått antibiotika før tarmflorabehandlinga vart gitt, mens denne nye studien er den første på verdsbasis som har undersøkt effekten av tarmflorabehandling aleine.
– Tarmflorabehandling mot C. difficile starta på slutten av 90-talet i Noreg, men det tok nærare 10 år før det vart eit etablert behandlingsalternativ ved tilbakevending av infeksjon etter å først ha forsøkt fleire behandlingsrundar med antibiotika, forklarar Hoff.
Tarmflorabehandling inneber å overføre avføring frå ein frisk donor til ein pasient med tarminfeksjon. For at behandlinga skal vere trygg må avføringsdonorane vurderast og testast nøye etter strenge kriterium og spesialiserte testar.
Om COLONIZe
Studien heiter COLONIZe (COmparative effectiveness of intestinaL microbiOta versus vaNcomycin for primary c. difficile Infection - randomiZEd Trials) og blir leia av Oslo universitetssykehus. Den undersøker effekten av tarmflorabehandling mot alvorleg diaré som følgje av tarminfeksjon med bakterien C. difficile.
Deltakarane i studien vart randomisert til å motta standardbehandling med antibiotika over 10 dagar, eller tarmflorabehandling gitt som éin enkeltdose.
Studien pågjekk frå 2019 til 2024 og inkluderte 104 deltakarar. Sjukehus, fastlegekontor og laboratorium i heile landet har vore med på å finne pasientar til studien, som vart leia av lege og postdoktor Frederik Emil Juul og kollegaer ved Klinisk effektforsking ved UiO og Oslo universitetssjukehus. Deltakarane vart følgde i to månader etter behandlinga for å vurdere effekt på diaré, og om behandlinga hindra tilbakefall av sjukdomen. Biverknader av behandlingane vart også registrerte.
Framgangsmåte
Deltakarane i studien vart tilfeldig trekt til å motta standardbehandling med antibiotika i 10 dagar, eller tarmflorabehandling gitt som éin enkeltdose.
Studien viste at 34 av 51 (66,7 prosent) som fekk tarmflorabehandling vart kurert, mot 30 av 49 (61,2 prosent) som fekk antibiotika.
Pasientane i studien vart rekna som kurert dersom dei ikkje hadde diaré to veker etter behandling og ikkje hadde fått tilbakefall av infeksjonen to månader etter behandlinga starta.
Trygt og effektivt
– I denne studien har ein vist at akutt behandling med tarmflora ikkje kjem dårlegare ut enn akutt behandling med antibiotika, er like trygg og gir ikkje fleire biverknader, seier Hoff.
Han legg til at dette opnar for ein alternativ behandlingsstrategi som er lettare for pasienten, lettare for helsepersonell, sparer antibiotika og kanskje kostnadar også.
Godt samarbeid
Hoff seier at denne kliniske behandlingsstudien blei vel gjennomført takka vere eit svært godt samarbeid internt i Helse Møre og Romsdal.
– Eg vil særskilt trekke fram samarbeidet mellom mikrobiologisk avdeling og klinisk forskingspost, i tillegg til fleire kliniske avdelingar. Studien vart motteke med entusiasme av både pasientar og personell. Studien var først starta i Ålesund, men grunna sein nasjonal inklusjonsrate, blant anna p.g.a. Covid, opna vi senter både i Molde og Kristiansund. Vi har hatt ein god pasientflyt for studien på alle lokalisasjonane, som har medført at Helse Møre og Romsdal inkluderte 15 % av pasientane i studien.
Vidare lesing
Vil du vite meir om COLONIZe-studien? Følg denne lenka.