Forskingsnyheiter
Presenterte kneprotesestudie på internasjonal kongress i Canada
Det 9. internasjonale møtet innan radiostereometrisk analyse (RSA) vart halde i Vancouver 10. -11. juni. Konferansen samla forskarar og klinikarar frå heile verda for å diskutere dei nyaste framstega innan RSA. Metoden blir brukt innan ortopedisk forsking for å måle bevegelsar av protesar.

Frank-David Øhrn og Fredrik Bru er begge overlegar i ortopedi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Dei kom nyleg heim frå Vancouver der dei presenterte funn frå ClessTKA-studien.
Den kliniske studien samanliknar langtidsoverlevinga av to ulike usementerte kneproteser over tid. At ein protese er usementert betyr at den ikkje er festa til beinet ved bruk av beinsement. Stabiliteten målast med ein spesiell CT-metode.
Viktige presentasjonar og gjev pris

– Bru hadde podiumpresentasjon for ein artikkel på IRSA (International RSA Society), mens eg hadde poster- og såkalla «rapid fire» presentasjon av ein anna artikkel frå ClessTKA. Begge presentasjonane var frå denne studien, kor alle operasjonar og oppfølging føregjekk i Kristiansund, fortel Øhrn.
– I tillegg var eg med som medforfattar på ein artikkel som fekk podiumpresentasjon. Denne artikkelen var skrive saman med kollegar frå Oslo og Nederland. Eg var også med på ein artikkel saman med forskarar frå Belgia og Oslo. Dei to artiklane baserer seg på materiale som forskargruppa CIRRO (Center for Implant and Radiostereometric Research) har delt med desse miljøa. Basert på dette arbeidet blei CIRRO tildelt Edward Valstar-prisen for beste internasjonale samarbeid.
Prisen er ei utmerking som blir delt ut for å heidre framifrå internasjonalt samarbeid innan ortopedisk forsking.
– Alt i alt ei minneverdig reise, kor Fredrik Bru fekk prøvd seg på eit internasjonalt føredrag, og han leverte varene verkeleg bra, så dette lover godt, seier Øhrn.

Han legg til at Bru søker ph.d.-stipend via Samarbeidsorganet på ClessTKA, og artikkelen han presenterte er den første i dette arbeidet. Øhrn er hovudrettleiaren hans.
Meir om ClessTKA
I studien blei 50 pasientar opererte ved Kristiansund sjukehus. Halvparten av dei fekk ei ny protese kalla GMK Knee Sphere. Denne blei samanlikna med den meir kjente og utprøva Tritanium-protesen for å sjå kor mykje protesane bevegar seg over tid. Begge er 3D-printa for å oppnå ein porøs struktur på overflata som gjer at beinet kan vekse inn i protesen og skape ein stabil og varig festing.
– Ved bruk av ein ny CT-metode kan vi berekne kor lenge ei protese kan vare ved å kun operere nokre få pasientar. Alternativet er å operere tusenvis av protesar og følge pasientane i 10 år eller lengre. Men med denne CT-metoden slepp vi å utsette dei for unødvendig risiko før vi finn ut om protesen gir god langtidsoverleving eller ikkje. Innan 1. juli vil alle pasientane ha vore på 2-årskontroll hos oss, seier Øhrn.
Om protesen sit godt fast og ikkje beveger seg i bein over 1-2 år, har vist seg å vere eit svært godt mål på om protesen gir ein generelt god langtidsoverleving.
Du kan lese meir om studien på denne sida.