Akuttmottak Ålesund
Pasientane kjem til oss via fastlege/legevakt, eller som akutt hjelp på grunn av akutt sjukdom eller skade. Her blir pasientane vurderte av sjukepleiar og lege, som startar nødvendig behandling og undersøkingar før pasienten blir skriven inn på aktuell avdeling. Nokre pasientar blir skrivne ut og/eller vidareformidla til andre behandlingsinstitusjonar.
Kontakt
Ring sentralbordet
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF Postboks: 1600 6026 Ålesund
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Akuttmottak ligg i underetasjen, U1. Bruk inngangen på austsida av sjukehuset. Sjå kart under praktisk informasjon, parkering. Akuttmottak er vist som nummer 4.
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Praktisk informasjon
Vi bruker eit prioriteringssystem (triagesystem) som skal sikre at det er dei sjukaste som får legehjelp først.
Stemmer medisinbruken din med opplysingane vi har?
Sjå video der vi følger pasienten frå mottak, via sengepost og til utskriving.