Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En baby som ligger på ryggen

Tidleg heimreise frå barsel ved Ålesund sjukehus

GRATULERER MED BARNET! Når mor og barn er friske og i fin form, er det moglegheit å reise heim frå barselavdelinga før 48 timar etter fødsel. Vi ønsker å gi dykk nokre opplysningar og råd som kan vere nyttige i dei første dagane etter heimreise frå barselavdelinga.

Hud mot hud

Vi tilrår at du og barnet ditt har så mykje som mogleg hud mot hud kontakt. Dette vil bidra at du har merksemda på barnet ditt, og raskt kan fange opp signal på for eksempel svolt. Legg barnet inntil brystet så det får kroppsvarme og kjenner seg trygt. Det kan då lukte brystet og mjølka, og vil lettare søke seg fram. Alt dette er med på å stimulere mjølkeproduksjonen din.

Nyfødd som tittar opp over skulder, hud-til-hud

Illustrasjon: Colourbox.com

Første levedøgn

Om du ønsker å amme skal du ha gjennomført minst ei god amming etter fødselen før du reiste heim. Mødrer som ammar minst 7-8 gonger dei første 24 timane, kjem ofte raskare i gang med mjølkeproduksjonen enn dei som ammar sjeldnare. Hyppig amming første levedøgn er knytt til betre vektutvikling hos barnet. Mykje hud-mot-hud-kontakt gjer det enklare for foreldre å følge med på tidlege teikn til svolt og tilby brystet når barnet har behov. Dette fremjar hyppig amming.

Dersom det er lagt til rette for amming, men barnet framleis ikkje viser interesse, bør du handmjølke like mange gonger som barnet skulle ha dia. Råmjølka kan du gi til barnet med skei eller kopp. Det er svært viktig at eit barn ikkje blir tvinga til brystet.

Andre levedøgn

Råmjølka kjem i små mengder dei første døgna og barnet bør derfor amme ofte. Interessa til barnet for brystet aukar og frå no av bør barnet die minst 8 gonger i døgnet. Det er vanleg at barnet er uroleg og søker brystet meir enn dette. Når barnet diar, vil du høyre små klukkelydar eller svelgjelydar som er teikn på at barnet får tak i morsmjølka og svelgjer. De går no inn i ein periode som mange opplever krevande. Barnet er svolten og tærer på feittreservane og jobbar iherdig for å få i seg råmjølka. Dette er ein overgangsfase før mjølkeproduksjonen kjem i gang for fullt. Vi tilrår at du søv når barnet søv og legg barnet til brystet så ofte som mogleg (les om samsoving).

Tredje og fjerde levedøgn

Mjølka endrar karakter 3-4 dagar etter fødselen. Mengda aukar og ser meir mjølkeaktig ut. I denne overgangen blir brysta meir fyldige og ømme. Dette er ein naturleg prosess, men kan vere ubehageleg. Nokre barselkvinner kan få litt feber i denne perioden. Vi tilrår at du held brysta varme og legg barnet ofte til brystet. Barnet vil snart få auka tilgang på mjølk.

Nyfødt som dier.

Illustrasjon: Colourbox.com

Bløding

Blødinga etter fødselen blir kalla reinsing. Den består av blod, sårvæske og slimhud frå livmora. Det er viktig at ho kjem ut. Dei første tre til fire dagane etter fødsel er reinsinga blodig, deretter blir den meir utflodliknande/brunleg. Frå 10 til 14 dagar etter fødselen kan ein oppleve eit par dagar der ein blør litt meir. Reinsinga varer vanlegvis i 6 til 8 veker. Reinsinga inneheld bakteriar, så vi tilrår at du byter bind ofte og skyl deg nedantil etter toalettbesøk. Ver nøye med handhygiene.

Ver merksam på at restar etter fosterhinner eller morkaka kan forårsake ekstra bløding, smerter i magen, svært øm livmor eller feber. Ta kontakt med sjukehuset dersom dette oppstår etter heimkomst.

Etterrier

Livmora skal gradvis trekke seg saman etter fødselen. Nokon opplever etterrier som smertefulle og dei kan forverrast når dei ammar. Dette er kroppen sin eigen måte å komme tilbake til «normaltilstanden» på. Dei minkar 3. til 4. døgn. Smertestillande reseptfrie medikament kan brukast.

Vasslating

Etter ein fødsel har ein auka urinproduksjon. Nokre kvinner opplever det litt vanskeleg å tisse dei første dagane etter fødselen. Det kan hjelpe om du dusjar deg nedantil medan du sit på toalettet. Bøy deg litt framover og trykk lett over blæra. Gå på toalettet oftare enn du kjenner vasslatingstrong. Pass på at det kjem rikeleg med urin ved vasslating, ikkje berre nokon dropar om gongen. Ta kontakt med sjukehuset dersom du ikkje får tømt deg tilstrekkeleg.

Barnelege undersøking

Barnet vil bli undersøkt av barnelege før heimreise eller etter avtale poliklinisk på barselavdelinga. Barnelegeundersøking blir gjennomført når barnet er ca 24 timar gammalt eller etter avtale.

Blodprøve til Nyfødtscreening

Blodprøven blir tatt av kommunejordmor 48-72 timar etter fødsel. Du får med deg rekvisisjon frå barselavdelinga.

Vektkontroll

Det er tilrådd at barnet ditt skal ha ein vektkontroll frå 2.– 4. dag etter fødselen. Denne blir utført av jordmor som kjem heim til deg eller på helsestasjonen. Kommunejordmor/helsesjukepleiar gir vidare råd og rettleiing om vektutviklinga til barnet tilpassa ditt barn.

Høyrselstest

Høyrselstest blir gjennomført på heimebesøk av kommunejordmor som tilviser barnet vidare ved behov.

Gulsott

Gulsott er som regel ufarleg og nesten halvparten av alle nyfødde babyar utviklar gulsott. Det oppstår vanlegvis to til tre dagar etter fødselen. Det nyfødde barnet er fødd med mange raude blodlekamar som blir brotne ned i levra. Av og til klarer ikkje levra å utføre denne prosessen raskt nok, og det hopar seg opp nedbrytningsprodukt (bilirubin) i blodet som gir barnet ein gulfarge i huda. Hyppige ammingar dei første dagane vil bidra til auka utskiljinga av bilirubin som skjer gjennom avføringa til barnet. Kommunejordmor har høve til å kontrollere Transcutan bilirubin på heimebesøket av melaninrike barn.

Om ditt barn blir gult, må du følge nøye med på barnets almenntilstand. Dersom barnet er gult i huda, blir slapp og har vanskeleg for å vakne til måltida, og dessutan sovnar lett ved brystet er det viktig at du raskt tek kontakt med sjukehuset. Her vil ein undersøke barnet ditt og vurdere om det er behov for å kontrollere bilirubinnivået i blodet. Ved forhøgde verdiar må barnet få lysbehandling då lyset gjer at bilirubinet blir brote ned og kan skiljast ut.

Avføring

Den første avføringa blir kalla bek og kjem allereie det første døgnet. Den er seig og er grøn-sort av farge. Dersom du etter det første døgnet ikkje har observert bek er det viktig at du tek kontakt med helsestasjonen. Etter 5-6 dagar vil avføringa bli sennepsgul og kornete, og dessutan vere meir flytande. Dei første fire vekene skal barnet ha hyppige avføringar (frå 2 til fleire gonger i døgnet ved tilstrekkeleg vektauke).

Urin

Etter 24 timar bør barnet ditt ha tissa ein gong. Barnet skal i starten ha urin ein til fleire gonger dagleg og etter 3-4 dagar begynner bleia å kjennast tyngre. I urinen til nyfødde (første 1-2 dagane) er det normalt at det blir skilt ut urinsyresalt som ser ut som lakseraudt pulver. Dersom dette held fram etter dei første dagane bør du kontakte helsestasjonen, då dette kan vere teikn på at barnet ditt ikkje får nok mat.

Trygt sovemiljø for nyfødde

Gåten om krybbedød er enno ikkje løyst, men vi veit mykje om korleis vi kan redusere risikoen for krybbedød.

Les og sjå film om trygt sovemiljø for spedbarnet på nettsidene til Landsforeningen uventet barnedød.

Kontakt føde-barsel Ålesund

Her finn du vår kontaktinformasjon. 

Føde-barsel Ålesund
Nyfødt
Sist oppdatert 09.09.2025