Kjevekirurgi Ålesund

Kjevekirurgi Ålesund har ansvar for diagnostikk og behandling av sjukdommar og skader i munnhole, tenner, kjeve og ansiktsskjelett. Avdelinga består av poliklinikk og operasjonseining.

Spesialistar

Kirurgane våre har utdanning innan oral kirurgi og oral medisin. I Noreg er spesialistar i oral kirurgi tannlegar med fem års vidareutdanning innan lidingar i munnens slimhinner og kirurgisk behandling av sjukdommar og skadar i tenner, kjevar og ansikt. 

Vårt fagfelt dekker

Dentoalveolær kirurgi.

Vi vurderer og opererer retinerte og overtallige tenner, rotspissamputasjonar, cyster og  godarta svulstar i kjevane og i ansiktsskjelettet.

 

Oral medisin

Vi undersøker og behandlar sjukdommar i munnhulens slimhinner. Dette inneber at vi ved behov tar vevsprøver for nærmare analyse.

 

Infeksjonar

Alvorlege infeksjonar med utgangspunkt i tenner eller kjevar krev av og til sjukehusinnlegging. Desse pasientane blir behandla hos oss.

 

Smertetilstandar i kjevar og ansikt

I samarbeid med blant anna smerteklinikk, nevrolog, revmatolog og øyre-, nase- og halsspesialistar undersøker vi forskjellige smertetilstandar i tenner, kjevar, kjeveledd og ansikt.

 

Undersøking og behandling av kjeveleddslidingar

Vi utfører injeksjonar og  artroscentese (gjennomskylling) av kjeveledd  der det er grunn til å gjere eit spesielt tiltak.
I enkelte tilfelle er det indikasjon for å operere kjeveleddet med open kirurgi. Dette blir også gjort hos oss, i samarbeid med spesialistar frå Oslo.

 

Implantat

For spesielle pasientgrupper har vi tilbod om erstatning av manglande tenner med tannimplantat.

 

Skadekirurgi 

Ved skadar eller brot i kjevar eller ansikt vil du bli vurdert og eventuelt operert ved vår avdeling. Pasientar med meir omfattande skadar, som også involverer kraniet, blir behandla i samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim.

 

Ortognatisk kirurgi

Ortognatisk kirurgi er kirurgi der vi flyttar på ein eller begge kjevar for å korrigere bitforstyrringar. Dette omfattar underbit, overbit, opne bit, skeivskapar i ansiktet og enkelte andre tilstandar som ein kan korrigere med kirurgi.

 

Vår avdeling er senter for slik behandling i Helse Møre og Romsdal HF, og einaste avdeling mellom Bergen og Trondheim som tilbyr slik behandling. Vi behandlar også pasientar frå andre delar av landet etter tilvising. Dette er behandling vi gjer i samarbeid med kjeveortopedar, også kalt reguleringstannlegar. Når kjeveortoped ser at bitforstyrring ikkje kan korrigerast med tannregulering aleine, vil du bli tilvist til oss for vurdering om kirurgisk behandling kan vere aktuelt. Deretter vil du gå tilbake til din reguleringstannlege, som regulerer tennene dine slik at bitet skal passe best mogleg saman etter at vi har operert kjevane. Etter operasjon vil du vanlegvis ha regulering ein periode for å få bitet så bra som mogleg.

 

Samarbeid med andre avdelingar i sjukehuset

Vi tilbyr ei heilskapleg undersøking og nødvendig tannbehandling av pasientar med kreft i hovud- og halsområdet før strålebehandling, samt pasientar som skal ha behandling med cellegift.  I tillegg vurderer vi tenner og munnhole før nyre- og hjarteoperasjonar og organtransplantasjonar. Utgreiinga kan medføre operativ fjerning av dårlege tenner dersom desse inneber infeksjonsfare med tanke på den planlagte behandlinga.

 

Antiapnoe-skinner (snorkeskinner)

I samarbeid med lungeavdelinga tilpassar vi antiapnoe-skinner på pasientar som lir av alvorleg pustestopp under søvn.

 

Tannbehandling i narkose

 I regi av den offentlege tannhelsetenesta har avdelinga også tilbod om tannbehandling i narkose for barn og psykisk utviklingshemma.


 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:30 - 10:30
  • Tysdag 08:30 - 10:30
  • Onsdag 08:30 - 10:30
  • Torsdag 08:30 - 10:30
  • Fredag 08:30 - 10:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Spørsmål om inneliggande pasientar kan rettast til sengepost etter kl. 15:30 Ortopedisk avdeling telefon: 70 10 58 10 eller Barne- og ungdomsavdelinga telefon: 70 16 76 60

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
For timar etter 27. april kan du no sende oss melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din.

Sikker dialog

eDialog
For timar før 27. april kan du trygt sende oss ei melding via eDialog (login via ID-porten). Vi treng då fødsels- og personnummer for å finne timen din i vårt journalsystem.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bruk gjerne poliklinikkinngangen på nordsida av sjukehuset. Herifrå ligg Kjevekirurgisk avdeling tvers overfor kafeen, i midtgangen før heisene.  
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5