Medisinsk poliklinikk Ålesund
Til medisinsk poliklinikk kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av hjartesjukdommar, lungesjukdommar, mage- tarmsjukdommar, infeksjonssjukdommar, blodsjukdommar, endokrinologiske sjukdommar (diabetes og hormonsjukdommer) og alderdoms- og slagsjukdommar. Vi tek imot pasientar som blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og frå andre avdelingar ved sjukehuset.
Kontakt
Telefon
- Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
- Laurdag - Søndag STENGT
Behov for å endre timen din?
HelsaMi
Behov for å endre timen din? Ring til avdelinga eller send ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd, og seinast 24 timar før avtalt time for å unngå gebyr. Då kan også andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje melder frå innan fristen, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Medisinsk poliklinikk ligg i 1. etasje på nordsida av sjukehuset, i nærleiken til apoteket.Adresse

Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5