Ortopedisk og revmatologisk sengepost Ålesund

Vi tar i mot pasientar med ortopediske diagnosar som er planlagde for operasjon, samt pasientar som er akutt innlagde med skadar eller akutte lidinger i skjelett og muskulatur. Vi har og senger til pasientar med revmatologiske tilstandar.

Ortopedisk og revmatologisk sengepost ligg i 7. etasje med nydeleg utsikt mot Sunnmørsalpane. Her har vi pasientrom med eigne bad/toalett og felles TV-stove. Her jobbar sjukepleiarar, hjelpepleiarar, legar og fysioterapeutar saman for eit best mogleg opphald og behandlingsresultat for pasienten.

Ved ortopedisk og revmatologisk sengepost er vi opptatt av kvalitet og tryggleik. Difor er vi med i Paienttryggleikskampanjen «I trygge hender 24-7». For enkelte diagnosar har vi standardisert pasientløpet for å sikre kvalitet og flyt i behandlinga. 

Videopresentasjonar frå Ålesund sjukehus

Vi har laga ein pakke med videoar til deg som har slitt med artroseskade og treng ein kneprotese eller ein hofteprotese. Her forklarar vi kva de skal gjennom frå innleggelse til utskriving.

Sjå videoane her
En person med munnen åpen

Kontakt

Telefon

Den beste tida å ringe er mellom kl. 10:00-14:00.

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Høgblokka i 7. etasje, Ålesund sjukehus.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

Kurs og møter

  • Håndartrose - Ålesund
    Revmatologi. Månadleg gruppetilbod for pasientar vurdert ved ortopedisk eller revmatologisk poliklinikk.
    Håndartrose - Ålesund
    Dato kjem