Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Palliativt team for barn og unge

Kva kan vi bidra med?

Vi kan gi råd og rettleiing til helsepersonell som behandlar barn og unge med behov for palliasjon. Vi kan også hjelpe til i enkelte pasientsaker. Om familiar ønskjer kontakt med oss kan dei ta kontakt med sin primærlege der de vurderer om vi er rett instans.

Ung jente som plukkar løvetann i hagen.

I samarbeid med teamet som har kontakt med barnet/familien kan vi hjelpe til med:

  • Samtalar om målet for behandlinga.
  • Samarbeide med lokalt hjelpeapparat og nettverk.
  • Konsultasjonar med behandlingsteamet for rådgiving/rettleiing.
  • Råd/rettleiing i utarbeiding av behandlingsplan og palliativ plan.
  • Drøfting og rettleiing i vanskelege problemstillingar i forløpet.
  • Direkte pasientkontakt og kontakt med familiene der dette er formålstenleg

Om eit palliativt forløp endar med at barnet/ungdommen døyr, vil eit palliativt team kunne hjelpe den etterlatne familien med støtte og rettleiing i sorgprosessen.

Teammedlemmane kjem frå ulike deler av barneavdelinga, og jobber i det daglege ved ulike seksjoner i avdelinga. Vi har fast møtedag onsdagar kvar andre veke.

I tillegg til rådgiving/rettleiing i pasientsaker, kan vi bistå med kompetansehevende tiltak (kurs, fagdager).

Sist oppdatert 20.03.2025