Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endre time til blodgiving

Svar på e-post/SMS

Blodbankane i Helse Møre og Romsdal brukar automatisk innkalling via SMS og e-post for å kalle inn blodgivarar til blodgiving. Det er viktig at du stadfestar, endrar eller avbestiller den føreslåtte timen innan to dagar.

Ved gjentekne innkallingar utan tilbakemelding vil du ikkje bli kalla inn til blodgiving fleire gongar. Dersom du ønskjer å gi blod igjen, må du sjølv ta kontakt med blodbanken for å avtale ny time.

Du får ei tekstmelding frå Blodbank med forslag til timeavtale. Følg instruksjonane i SMS-en eller e-posten for å stadfeste, endre eller avbestille timen. Dersom du ikkje svarar på førespurnaden innan to dagar, blir blodgivartimen automatisk kansellert.

Endre time for blodgiving på eit seinare tidspunkt

Blodbankane i Helse Møre og Romsdal nyttar automatisk innkalling via SMS og e-post for å kalle inn blodgivarar til blodgiving.

Det er viktig at du stadfestar, endrar eller avbestiller den føreslåtte timen innan to dagar.

Ved gjentekne innkallingar utan tilbakemelding vil du ikkje bli kalla inn til blodgiving fleire gongar. Dersom du ønskjer å gje blod igjen, må du sjølv ta kontakt med blodbanken for å avtale ny time.

Du får ei tekstmelding frå Blodbank med forslag til timeavtale. Følg instruksjonane i SMS-en eller e-posten for å stadfeste, endre eller avbestille timen.

Når du er registrert som blodgivar ved blodbanken, vil du få SMS med forslag til time og lenkje til webbooking for stadfesting eller endring av føreslått time.

Volda: Kontakt blodbanken på telefon 70 05 82 85. 

Ålesund: Her kan du opprette brukar og logge inn.

SNR (Hjelset, Molde og Kristiansund): Her kan du opprette brukar og logge inn.

Sjå også vår brukarveiledning (pdf).

Dersom du får innkalling frå oss og har vore i utlandet, kan det vere lurt å sjekke i blodgivarappen om reisekarantene eller ta kontakt med oss ta kontakt for å sjekke at du ikkje treng karantene. 

Dersom du ikkje svarar på førespurnaden innan to dagar, vert blodgivartimen automatisk kansellert.

Ta kontakt

Blodbanken Ålesund sjukehus

Blodbanken Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Blodbanken Volda sjukehus

 

 

 

Sist oppdatert 19.02.2026