Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
To bioingeniørar på medisinsk biokjemi

Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund

Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund tilbyr tenester innan blodprøvetaking og eit breidt spekter av biokjemiske analysar, i tillegg til blodbanktenester. Her blir prøver både frå sjukehuset og primærhelsetenesta analyserte.

Opningstider for poliklinisk prøvetaking er måndag - fredag kl. 07:30 - 15:00 med unntak frå tysdag som er langope til kl. 20:00 (unntak for påske, jul og sommarferie 22. juni - 16. august 2026). Barn under 10 år må komme før kl. 15:00. Sjå fleire detaljar under kontaktinformasjon.
 
Ver merksam på at poliklinisk prøvetaking etter kl. 15:00 blir utført berre etter avtale med rekvirenten.

Dersom det må takast blodprøve etter kl. 15:00, må ein dessverre rekne med litt ventetid. Bioingeniør på vakt kan vere opptatt med prøvetaking og analysering knytt til akutte situasjonar. 

Ved Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund er prøvetaking, det meste av aktiviteten på blodbanken og over 85 % av analysevolumet akkreditert etter NS-EN ISO/IEC 15189. Denne standarden stiller spesifikke krav til laboratoriet sitt personale, opplæring, internrevisjon, utstyr, prosedyrar, arkivering, tilgjengelegheit og anna. For å oppretthalde akkrediteringa blir laboratoriet vurdert av eksterne bedømmarar om lag ein gong årleg.

Oversikt over akkrediterte analysar, analytisk variasjon og akkrediteringsdokument finnast i oversikta over analysar og undersøkingar.

For historisk akkrediteringsomfang, kontakt seksjonen.

 

Bestillingsportal for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge finn du her: Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no). 

Vi tilbyr våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Varene sendast frå regionalt logistikksenter på Heimdal, og leverast på same måte som tidlegare, med intern levering ved henting av prøver eller via Bring. Forventa leveringstid er 3-5 arbeidsdagar.

Oversikt over dei ulike rekvisisjonsblankettane våre finn du i laboratoriehandboka.

Nokre ting å vere obs på i den nye bestillingsløysinga

Butterfly kan dessverre ikkje lenger kjøpast direkte frå oss, dette må kjøpast frå andre, til dømes NorEngros.

Du finn ikkje UN etikettar til å klistre på samleposer for sending av fleire konvoluttar i den nye løysinga. Desse kan du få ved å ta kontakt med oss på mail eller telefon, sjå kontaktinfo lenger nede.

Pga samordning av ein del prøvetakingsutstyr i regionen kan det vere at du ikkje finn akkurat dei same varene som tidlegare, men du skal fortsatt finne dei som trengs for prøver som sendast til oss for analysering. Til dømes ligg ikkje ein del spesialrør inne i den nye bestillingsløysninga, feks delvolumsrør (med kvit ring), desse kan sjølvsagt ved behov fortsatt fåast frå oss, i små kvanta, på vilkår av at prøvene vert rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal. Ta kontakt med Medisinsk biokjemi og blodbank ved ditt sjukehus på e-post eller telefon for å bestille.

Om det er varer du likevel tenker manglar i løysinga, ta kontakt, så vil vi vurdere om det er noko vi må få lagt inn.

Kontakt oss

Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund al.medisinsk.biokjemi@helse-mr.no

Telefon: 70 10 56 00

Registrering

Om du ikkje alt er registrert, kan du registrere deg på Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no), trykk på knappen for «Opprett bruker».
Deretter registrerer du deg slik:

  1. Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
  2. Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
  3. Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)

No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet 
Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.
 
Har du spørsmål eller treng hjelp med å komme i gang? Les brukardokumentasjonen her: https://hmn-bestillingsportal-ls.helse-midt.no/dokumentasjon/ eller kontakt oss på 
HMN.provetakingsutstyr@stolav.no

OBS! For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.provetakingsutstyr@stolav.no.

Sjå også informasjon frå oss i Bioposten

Innformasjon frå oss finn du også under nyheiter i Metodeboka vår. Her kan du også abonnere på nyheiter. 

2026

Nr 3 2026 Ny formel for eGFR hos voksne
Interne rekvirentar
- Eksterne rekvirentar
Nr 2 2026 Ny analyse: Aktivt vitamin B12
Nr 1 2026 Overgang til ny metode for analysering av anti-TPO

2025

Nr 10 2025 Overgang til ny metode for analysering av hemoglobin i fæces
Nr 8 2025 Analysering av CD3, CD4 og CD8 i HMR
Nr 7 2025 Overgang til ny metode for analysering av kalprotektin i fæces
Nr 6 2025 Nye referansegrenser PSA
Nr 5 2025 Innføring av duplikatsjekk SR - gjeld HMR interne rekvirentar
Nr 4b 2025 Forsendelse og analysering av prøver ved medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset
Nr 4 2025 Forsendelse og analysering av prøver ved medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset
Nr 3 2025 Ny analysemetode for IgA, IgM, Homocystein, Revmatoid faktor,
Anti-CCP og Anti-TPO ved SNR
Nr 1 2025 Ny metode for albumin i serum

2024

HP Link nyhetsbrev (informasjon om ny funksjonalitet for prøvetaker)
Nr 4 2024 Diagnostikk av cøliaki
Nr 3 2024 Innføring av aldersjusterte beslutningsgrenser for vitamin B12

2023

Nr 14 2023 Ny enhet og nytt referanseintervall for AFP
Nr 13 2023 Oppstart av analysen Ammoniakk ved medisinsk biokjemi og blodbank Molde
Nr 12 2023 Ny metode for serumproteinelektroforese i Molde
Nr. 11 2023 Samling av allergidiagnostikk​​
Nr. 10 2023 Overgang til ny metode innen allergidiagnostikk​
Nr. 8 2023 Ny analyse Leverfibrose score FIB-4​​
Nr. 5 2023 Elektronisk svaroverføring: Bruk av feil NLK-kode for fritt T3
Nr. 4 2023 Nedleggelse av analysen U-elektroforese og innføring av serum frie lette kjeder i Molde 
Nr. 2 2023 Ny standardisering av CDT
Nr. 1 2023 Ny metode for Kalprotektin i avføring
Instruksjon for prøvetaking til Kalprotektin i avføring​

Eldre skriv kan skaffast på førespurnad til avdelinga.

Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund

Seksjonsleiar Camilla Jensen Pedersen
camilla.jensen.pedersen@helse-mr.no

Rådgivar Anette Ferstad Tunheim
anette.ferstad.tunheim@helse-mr.no 

Ulike fagområde ved avdelinga

Blodbanken - Fagbioingeniør Silje Storlykken Helland
silje.storlykken.helland@helse-mr.no

Hematologi/koagulasjon - Fagbioingeniør Ida Kristin Dyrkorn ida.kristin.dyrkorn@helse-mr.no

Automasjon
Fagbioingeniør Siw Berbu
siw.berbu@helse-mr.no

Fagbioingeniør Astrid Lied
astrid.lied@helse-mr.no

Fagbioingeniør Janita Berg
janita.berg@helse-mr.no

Protein/allergi - Fagbioingeniør Hilde Annie Gjertsen
hilde.a.gjertsen@helse-mr.no

Service - Fagbioingeniør Maria Verlo Jacobsen
maria.verlo.jacobsen@helse.mr.no 

Lab ekspedisjon - Kontorfagleg koordinator Ingunn Aklestad Brautaset ingunn.aklestad.brautaset@helse-mr.no

Kontakt

Telefon

Opningstider prøvetakingspoliklinikk

70 10 56 00
  • Måndag 07:30 - 15:00
  • Tysdag 07:30 - 20:00
  • Onsdag - Fredag 07:30 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Tysdagar: Etter 15:00 vaksne og barn over 10 år. I ferier og høgtider ope til 15:00.

  • Måndag - Fredag 07:15 - 21:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi har blodprøvetakingspoliklinikk i 1. etasje, fløy L. Følg skilting til "Blodprøver/blodprøvetaking".

Opningstider

Barn under 10 år må kome før kl. 15:00. I ferier og høgtider ope til 15:00.

  • I dag 07:30 - 15:00
Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.