Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodbanken Ålesund

Blodbanken i Ålesund har om lag 4000 tappingar i året, fordelt på 1700 aktive blodgivarar. Vi treng å rekruttere minimum 200 nye blodgivarar årleg.

Blodgiving er frivillig og ein får inga betaling, men ei lita gåve som takk for hjelpa.

Blodbanken i Ålesund gjev nokre av blodggjevarane høve til å verte tappa ved hjelp av ei maskin. Det medfører at blodet vert sentrifugert og blodgjevaren får tilbake dei blodkomponentane som blodbanken ikkje treng.

Informasjon vert utlevert til aktuelle blodgivarar, ingen vert tappa med denne metoda utan at dei sjølve ønsker det og stettar særskilde krav til denne type tapping.

Ønsker du å bli blodgivar? Registrer deg via GiBlod.no.

For å bli blodgivar må du registrere deg i eit dataregister til Blodbanken. Dette er nødvendig av ulike årsaker:

  • Vi må ha mogelegheit til å kome i kontakt med deg som blodgivar.
  • Vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er fulgt
  • Vi må ha oversikt over den enkelte givars tappehistorikk
  • Vi treng å lagre ein del opplysningar om blodtyper etc. for å kunne velje riktig blod til den enkelte pasient
  • Vi er pålagde å alltid å vite kva for blodgivar som har gitt blod til bestemte blodprodukt

Opplysningane som blir lagra er i hovudsak

  • Namn, personnummer, adresse, telefonnummer, epostadresse, registrering av kvar tapping, blodtypeundersøkingar, prøveresultat og informasjon om korleis kvar tapping har forløpt
  • Det er også eit tekstfelt som blir brukt til administrativ informasjon om timeavtalar. Dette kan også bli brukt til å notere at ein person er godkjent som blodgivar etter vurdering av lege, når det er nødvendig.

Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.

Nye personvernreglar i 2018

Rutinane våre for lagring av personopplysningar er i tråd med det nye GDPR-lovverket.


Blodbankane i Helse Møre og Romsdal nyttar automatisk innkalling via SMS og e-post for å kalle inn blodgivarar til blodgiving.

Det er viktig at du stadfestar, endrar eller avbestiller den føreslåtte timen innan to dagar.

Ved gjentekne innkallingar utan tilbakemelding vil du ikkje bli kalla inn til blodgiving fleire gongar. Dersom du ønskjer å gje blod igjen, må du sjølv ta kontakt med blodbanken for å avtale ny time.

Du får ei tekstmelding frå Blodbank med forslag til timeavtale. Følg instruksjonane i SMS-en eller e-posten for å stadfeste, endre eller avbestille timen.

Når du er registrert som blodgivar ved blodbanken, vil du få SMS med forslag til time og lenkje til webbooking for stadfesting eller endring av føreslått time.

Her kan du opprette brukar og logge inn. Sjå også vår brukarmanual for web-booking ved blodbanken Ålesund sjukehus. 

Dersom du er bortreist eller ikkje tilgjengeleg for blodgiving i ein periode, er det fint om du sender ein e-post med informasjon om kor lenge du ikkje er tilgjengeleg. Du treng ikkje opplyse årsak. Då slepp du å motta innkallingar medan du ikkje kan gje blod.

Dersom du ikkje svarar på førespurnaden innan to dagar, vert blodgivartimen automatisk kansellert.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 07:15 - 14:45
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

1. etasje, fløy A. Følg skilting til Blodbanken/blodgiving.

Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar.

NB! Frå 8. desember 2025 er det eigne parkeringsplassar for blodgivarar i 3. etasje i det nye parkeringshuset ved Ålesund sjukehus. Innkøyring er skilta. 

Du treng ikkje å betale for parkeringa, men som før må du huske å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken. 

Opningstider

Tappetidene er lista opp under. Vi har kveldstapping etter avtale, om lag ein gang per månad. Telefontid 07:15 - 14:45, utanom opningstida kan du legge igjen beskjed på telefonsvarar.
  • I dag 07:20 - 13:00
Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5