Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodbanken SNR Kristiansund

Blodbanken i Kristiansund har om lag 1700 tappingar i året, fordelt på 900 aktive blodgivarar. Vi treng 150 nye blodgivarar årleg.

Blodgiving er frivillig og ein får inga betaling men ei lita gåve som takk for hjelpa.

Ønsker du å bli blodgivar?
Registrer deg via GiBlod.no eller ring blodbanken.

Etter at du har meldt deg som blodgivar få du ei timeinnkalling på blodbanken. Der tek dei blodprøvar av deg og går igjennom eit spørreskjema som du må fyllast ut. Det er først når du blir godkjend som blodgivar at du får time til blodgiving.

Blodbankane i Helse Møre og Romsdal nyttar automatisk innkalling via SMS og e-post for å kalle inn blodgivarar til blodgiving.

Det er viktig at du stadfestar, endrar eller avbestiller den føreslåtte timen innan to dagar.

Ved gjentekne innkallingar utan tilbakemelding vil du ikkje bli kalla inn til blodgiving fleire gongar. Dersom du ønskjer å gje blod igjen, må du sjølv ta kontakt med blodbanken for å avtale ny time.

Du får ei tekstmelding frå Blodbank med forslag til timeavtale. Følg instruksjonane i SMS-en eller e-posten for å stadfeste, endre eller avbestille timen.

Når du er registrert som blodgivar ved blodbanken, vil du få SMS med forslag til time og lenkje til webbooking for stadfesting eller endring av føreslått time.

Volda og Ålesund: Her kan du opprette brukar og logge inn. 

SNR (Hjelset, Molde og Kristiansund): Her kan du opprette brukar og logge inn.

Sjå også brukarveiledning på St. Olavs hospital sine nettsider.   

Dersom du er bortreist eller ikkje tilgjengeleg for blodgiving i ein periode, er det fint om du sender ein e-post med informasjon om kor lenge du ikkje er tilgjengeleg. Du treng ikkje opplyse årsak. Då slepp du å motta innkallingar medan du ikkje kan gje blod.

Dersom du ikkje svarar på førespurnaden innan to dagar, vert blodgivartimen automatisk kansellert.

For å bli blodgivar må du registrere deg i eit dataregister til Blodbanken.

Dette er nødvendig av ulike årsaker:

  • Vi må ha mogelegheit til å kome i kontakt med deg som blodgivar.
  • Vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er fulgt.
  • Vi må ha oversikt over den enkelte givars tappehistorikk.
  • Vi treng å lagre ein del opplysningar om blodtyper etc. for å kunne velje riktig blod til den enkelte pasient.
  • Vi er pålagde å alltid å vite kva for blodgivar som har gitt blod til bestemte blodprodukt.


Opplysningane som blir lagra er i hovudsak

  • Namn, personnummer, adresse, telefonnummer, epostadresse, registrering av kvar tapping, blodtypeundersøkingar, prøveresultat og informasjon om korleis kvar tapping har forløpt.
  • Det er også eit tekstfelt som blir brukt til administrativ informasjon om timeavtalar. Dette kan også bli brukt til å notere at ein person er godkjent som blodgivar etter vurdering av lege, når det er nødvendig.

Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.


Nye personvernreglar i 2018

Rutinane våre for lagring av personopplysningar er i tråd med det nye GDPR-lovverket.

Blodbanken i Kristiansund treng fleire blodgivarar

Meld deg som blodgivar i dag og bidra til å redde liv!

Sjå korleis du kan bli blodgivar
Gi blod

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Postadresse

Kristiansund sjukehus
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Blodbanken finn du i 2. etasje (plan 1). Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken. 

 

Opningstider

Opningstider for tapping (kveldstapping etter avtale)
  • I dag 08:00 - 14:00
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

SNR Kristiansund

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund