Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodbanken Volda

Blodbanken i Volda har om lag 900 tappingar i året, fordelt på ca. 500 aktive blodgivarar. Vi treng 50-60 nye blodgivarar kvart år. Blod og blodprodukt vert nytta ved operasjonar, til medisinske pasientar og som beredskapslager i tilfelle det oppstår ulykker.

Blodgiving er frivillig og ein får inga betaling, men du får ei lita gåve som takk for hjelpa.

Ønsker du å bli blodgivar? Registrer deg via GiBlod.no

Blodbankane i Helse Møre og Romsdal nyttar automatisk innkalling via SMS og e-post for å kalle inn blodgivarar til blodgiving.

Det er viktig at du stadfestar, endrar eller avbestiller den føreslåtte timen innan to dagar.

Ved gjentekne innkallingar utan tilbakemelding vil du ikkje bli kalla inn til blodgiving fleire gongar. Dersom du ønskjer å gje blod igjen, må du sjølv ta kontakt med blodbanken for å avtale ny time.

Du får ei tekstmelding frå Blodbank med forslag til timeavtale. Følg instruksjonane i SMS-en eller e-posten for å stadfeste, endre eller avbestille timen.

Når du er registrert som blodgivar ved blodbanken, vil du få SMS med forslag til time og lenkje til webbooking for stadfesting eller endring av føreslått time.

Volda og Ålesund: Her kan du opprette brukar og logge inn. 

SNR (Hjelset, Molde og Kristiansund): Her kan du opprette brukar og logge inn.

Sjå også brukarveiledning på St. Olavs hospital sine nettsider.   

Dersom du er bortreist eller ikkje tilgjengeleg for blodgiving i ein periode, er det fint om du sender ein e-post med informasjon om kor lenge du ikkje er tilgjengeleg. Du treng ikkje opplyse årsak. Då slepp du å motta innkallingar medan du ikkje kan gje blod.

Dersom du ikkje svarar på førespurnaden innan to dagar, vert blodgivartimen automatisk kansellert.

For å bli blodgivar må du registrere deg i eit dataregister til Blodbanken. Dette er nødvendig av ulike årsaker:   

  • Vi må ha mogelegheit til å kome i kontakt med deg som blodgivar.
  • Vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er fulgt.
  • Vi må ha oversikt over den enkelte givars tappehistorikk.
  • Vi treng å lagre ein del opplysningar om blodtyper etc. for å kunne velje riktig blod til den enkelte pasient.
  • Vi er pålagde å alltid å vite kva for blodgivar som har gitt blod til bestemte blodprodukt.


Opplysningane som blir lagra er i hovudsak

  • Namn, personnummer, adresse, telefonnummer, epostadresse, registrering av kvar tapping, blodtypeundersøkingar, prøveresultat og informasjon om korleis kvar tapping har forløpt.
  • Det er også eit tekstfelt som blir brukt til administrativ informasjon om timeavtalar. Dette kan også bli brukt til å notere at ein person er godkjent som blodgivar etter vurdering av lege, når det er nødvendig.

Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.


Nye personvernreglar i 2018

Rutinane våre for lagring av personopplysningar er i tråd med det nye GDPR-lovverket.


 

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT
Ynsker du å gje blod på kveld, ta direkte kontakt med blodbanken for avtale.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Laboratoriet finn du i 1. etasje. Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken. 

Opningstider

  • I dag 08:00 - 15:00
En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1