Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prøvetakingsutstyr og rekvisisjonar

Prøvetakingsutstyr sendast ut gratis under føresetnad av at det brukast berre til prøvetaking/sending av prøvemateriale til Avdeling for patologi.

Illustrasjonsbilde med prøvetakingsrør, reagensrør og pc.
Foto: Colourbox.com

Ny bestillingsportal er innført for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge frå 22.04.2024

Bestillingsportalen finn du her: Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no). 

Vi tilbyr våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Varene sendast frå regionalt logistikksenter på Heimdal, og leverast på same måte som tidlegare, med intern levering ved henting av prøver eller via Bring. Forventa leveringstid er 3-5 arbeidsdagar.

Nokre ting å vere obs på i den nye bestillingsløysinga

Butterfly kan dessverre ikkje lenger kjøpast direkte frå oss, dette må kjøpast frå andre, til dømes NorEngros.

Du finn ikkje UN etikettar til å klistre på samleposer for sending av fleire konvoluttar i den nye løysinga. Desse kan du få ved å ta kontakt med oss på mail eller telefon, sjå kontaktinfo lenger nede.

Pga samordning av ein del prøvetakingsutstyr i regionen kan det vere at du ikkje finn akkurat dei same varene som tidlegare, men du skal fortsatt finne dei som trengs for prøver som sendast til oss for analysering. Til dømes ligg ikkje ein del spesialrør inne i den nye bestillingsløysninga, feks delvolumsrør (med kvit ring), desse kan sjølvsagt ved behov fortsatt fåast frå oss, i små kvanta, på vilkår av at prøvene vert rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal. Ta kontakt med Medisinsk biokjemi og blodbank ved ditt sjukehus på e-post eller telefon for å bestille.

Om det er varer du likevel tenker manglar i løysinga, ta kontakt, så vil vi vurdere om det er noko vi må få lagt inn.

Registrering

Om du ikkje alt er registrert, kan du registrere deg på Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no), trykk på knappen for «Opprett bruker».
Deretter registrerer du deg slik:

  1. Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
  2. Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
  3. Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)

No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet 
Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.
 
Har du spørsmål eller treng hjelp med å komme i gang? Les brukardokumentasjonen her: https://hmn-bestillingsportal-ls.helse-midt.no/dokumentasjon/ eller kontakt oss på 
HMN.provetakingsutstyr@stolav.no

OBS! For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.provetakingsutstyr@stolav.no.

Rekvisisjonar 

Rekvisisjon histologi

Rekvisisjon cytologi

Rekvisisjon obduksjon

Reservasjonsskjema

 

Skjermbilde av remissar for patologi
Rekvisisjonar
Sist oppdatert 14.06.2024