Avdeling for radiologi Ålesund og Volda

Avdeling for radiologi ved sjukehusa i Ålesund og Volda tilbyr pasientar eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer) og mammografi (røntgenbilete av bryst).

Brystdiagnostisk Senter (BDS) er ei tverrfagleg eining som er organisert under avdeling for radiologi. Saman med Kreftregisteret har senteret ansvar for Mammografiprogrammet i Møre og Romsdal, samt for utgreiing og kontroll av brystsjukdommar hos pasientar busette på Sunnmøre.

Totalt vert det i løpet av eitt år utført om lag 100. 000 undersøkingar ved avdelinga.
I 2003 vart avdelinga fulldigitalisert, med unntak av Brystdiagnostisk senter. Dette vil seie at alle undersøkingar blir gjort digitalt, utan bruk av røntgenfilm, og blir lagra i eit dataarkiv. Vi deler nettverk med alle sjukehusa i Helse Midt-Noreg. Dersom ein pasient til dømes raskt må overflyttast til St. Olavs Hospital, så vil legar ved sjukehuset i Trondheim ha tilgang til både bilete og svar så snart undersøkinga er avslutta her.

Stadig fleire av legekontora i distriktet blir også  kopla opp mot sjukehuset i Ålesund. Desse har ikkje tilgang til biletarkivet vårt, men kan få svar på undersøkingar overført elektronisk, noko som gjer at svara blir raskare tilgjengelege for legekontora.

Helseføretaket har akuttfunksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.

Konstituert Avdelingssjef Ida Fallmyr Jørgensen

Kontakt

Telefon

Ta direkte kontakt med seksjonane.