Radiologi Ålesund

Avdeling for radiologi i Ålesund tilbyr pasientar eit breitt utval bilettekniske tenester innan diagnostisk røntgen, ultralyd, datatomografi (CT), magnetisk resonans (MR), angiografi (bilete av blodårer), beintettleiksmåling (utgreiing av beinskjørheit) og nukleærmedisinske undersøkingar (ved hjelp av radioaktive isotopar).

Vi tek i mot drop-in (ikkje timebestilling) på røntgen av lungene alle kvardagar frå kl. 08:00 - 15:00.

Avdelinga har akuttfunksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte, slik at vi får registrert deg.

Pasientar betaler eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntaket gjeld dei med frikort.
Har du frikort skal dette visast fram i røntgenekspedisjonen ved frammøte.
I ekspedisjonen kan du betale med bankkort eller få med deg ein giro. Dersom du ønsker å betale kontant kan du gjere det i informasjonen ved hovudinngangen til sjukehuset.

Eigendelen er 275 kroner.
Barn under 16 år er gratis.
Betaling for "ikkje møtt til time" er 1544 kroner.

Konstituert Avdelingssjef Ida Fallmyr Jørgensen

Konstituert Seksjonsleiar Ida Marie Rekdal Havnegjerde

Seksjonsleiar radiologiske legar Ingunn Petrine Flo

Lenker

Pasientreiser
Fram ekspress
Pasient- og brukerombudet
Fritt sjukehusvalg
Fastlegeordningen

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Radiologi Ålesund
Ålesund Sjukehus
Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Avdeling for radiologi  finn du i 2. etasje i høgblokka på sjukehuset. 

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:

  • Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40 70 10 55 41  mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
  • Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27  mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.