Radiologi Volda

Avdelinga tilbyr eit breitt utval bilettekniske tenester innan diagnostisk røntgen, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), ultralyd/doppler og beintettleiksmåling (utgreiing av beinskjørheit).

Vi tek i mot drop-in (ikkje timebestilling) på røntgen av lungene alle kvardagar frå kl. 08:00 - 15:00.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte, slik at vi får registrert deg.

Pasientar betaler eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntaket gjeld dei med frikort.
I ekspedisjonen på røntgen kan ein betale med bankkort eller få med seg ein giro. Dersom du ønsker å betale kontant kan du gjere det i informasjonen ved hovudinngangen til sjukehuset.

I hovudvestibylen finn du òg informasjonsskranken.

Eigendelen er 275 kroner.
Barn under 16 år er gratis.
Betaling for "ikkje møtt til time" er 1544 kroner.

Konstituert Avdelingssjef Ida Fallmyr Jørgensen

Seksjonsleiar røntgen og radiologiske legar Ingunn Petrine Flo

Kontakt

Telefon

  • Måndag
    • 08:00 - 10:00
    • 14:00 - 15:30
  • Tysdag
    • 08:00 - 10:00
    • 14:00 - 15:30
  • Onsdag
    • 08:00 - 10:00
    • 14:00 - 15:30
  • Torsdag
    • 08:00 - 10:00
    • 14:00 - 15:30
  • Fredag
    • 08:00 - 10:00
    • 14:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Vaktsentralen 70 05 82 00 kan formidle kontakt utanom desse tidene i spesielle høve.

Postadresse

Avdeling for radiologi Ålesund/Volda
Seksjon Volda
Volda sjukehus
Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Røntgenavdelinga finn du i 1. etasje.
Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

Volda sjukehus

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Praktisk informasjon

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Volda sjukehus på telefon 70 05 82 66 i tidsrommet 08:00 - 15:30. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.